Magasinett

Utskrift

Strålande absurde forteljingar

Skrive av Svein Olav Langåker .

Olav R. Øyehaug har kome med nok ei konfekteske av absurde forteljingar.

Olav R. Øyehaug har kome med nok ei konfekteske av absurde forteljingar.

 

Boka er lita, men du bør ta deg god tid når du les ho. Olav R. Øyehaug diktar fram strålande morosame, absurde, krokete og tankevekkjande historiar. Nokre er berre på nokre få linjer – andre på 2-3 sider. Forteljingane tar merksnodige retningar, så følg med!

Botnen får meg til å tenkja på Roy Andersson sine siste filmar. Med få ord lar Øyehaug oss teikna opp tablå i fantasien som for meg kan minna om tablå frå «Sanger fra andre etasje» og «Du levande». Nokre av historiane i Botnen har òg noko endetidsaktig ved seg. Og det er storslagent absurd. Som den amerikanske augelegen som blir tatt til Kina som slave og byrjar å diktera rett ut i lufta fordi ho er sikker på at ho blir avlytta. Eller historia om Universet som trenar ein hund opp til veskenapping. Eller kva som skjer når ein sexarbeidar kontaktar ein dagolog, ein sjølvutnemnd ekspert på dagar. Eg siterer frå ei av historiene:

«Ein dag forflytta Bashir seg gjennom et folkehav medan han gjorde noko eksentrisk. Alle som såg kva han gjorde, viste det til alle som hadde stått med ryggen til, og slik gjekk det til at Bashir danna ei råk av pantomime.»

Agnes Ravatn kalla Olav R. Øyehaug Vestlandets Franz Kafka etter andreboka hans Essensen. Etter tredjeboka hans kan eg ikkje anna enn å slutta meg til det.

Les intervju med forfattaren her!