Magasinett

Utskrift

Filmmelding: Uno

Skrive av Synnøve Macody Lund .

Mot røkla:

 

For nokre år sidan visste ingen kven Aksel Hennie var. Ein treng ikkje vera ein av dei mindre kjende klassekompisane hans frå Teaterhøgskulen, for å innrømme at ein nesten er litt lei av trynet hans no, når det er kvadrippel Aksel i alle medium sju dagar i veka. Men uansett; når fyren faktisk skriv manus, regisserer og speler eigen film like etter han og dei andre Buddy’ane har gitt norsk film eit håp om fine feelgood-tider, er vel rolla som bransjens nye gullgut vel fortent. Og sjølv om Aksel Hennies regidebut ikkje er eit stort meisterverk, ligg han milevis over det vi er vane med frå dei siste norske filmproduksjonar – i alle høve når det kjem til nerve og vilje til å fortelje noko.

For Uno er alt anna enn eit overfladisk flimmer av healande godkjensler. Uno er ein dramatisk film om pressa situasjonar, brutalitet og svik. Den sterkaste kjensla i filmen er tilstanden av at alt faktisk står på spel. Eit vere eller ikkje vere-tema kan verke klassisk og kjent nok, men kanskje desto meir vanskeleg å framstille truverdig i verdas beste land?
 
Uno er ei historie frå det underste indre Oslo. Aksel Hennie speler hovudpersonen David. Far hans er dødssjuk og bror hans har Downs syndrom. David held mesteparten av tida si til på treningsstudioet Jarles Gym – der han og kompisane byggjer kroppane og vennskapet medan stereoider, pistolar og pakistanarar skaper ei stadig meir trugande machostemning.

Same dag som David får beskjed om at faren kjem til å døy, gjer politiet ein razzia på gym’en. Alle i miljøet vert arrestert. David står dermed i eit vondt dilemma. Skal han vere lojal og verne seg sjølv og miljøet, eller skal han tyste på kompisane og dermed få høve til å ta farvel med far sin? Han vel det siste og vert med dette eit jaga vilt i machomiljøet.

Men til trass for gjengen i hælane rekk han ikkje far sin. Og med faren død og mora sørgjande blir han tvinga til å ta ansvar for bror sin, samstundes som han kjempar for å sleppe vekk frå den kriminelle underverda. Krisa får David til å innsjå kva som verkeleg betyr noko for han i livet. Familien. Han skjønar at han no må ta ansvar for si eiga fortid og framtid.

Det er neppe vorte laga ein betre storbyfilm i Noreg før Uno. Den er sjåverdig, truverdig og full av gangster-noia. Og ikkje minst: dialogen flyt for ein gong og guds skuld realistisk, med ekte streetwise snert. Handverksmessig er det heller ikkje gjort store brølarar – sjølv om det er tydeleg at Hennie har fått hjelp frå kanskje litt for mange ulike regissørar.

Uansett; Uno er ikkje bra for å vere norsk. Den er berre bra. Og det er ikkje berre berre det. Så nok eit klapp på Hennies aksel der altså....

 

Arkiv 2005