Magasinett

Utskrift

Bokmelding: Jernnetter

Skrive av Inger Bråtveit .

Seigt rodnar språk i juvet:

Bente er i slutten av tenåra. Ho bur på garden til stefaren sin, men det er Bente som driv han. Det er ein primitiv omgangstone folka på garden har seg i mellom, men Bente veit å bita frå seg. Ho er saman med Leo like til ryktet som går i bygda syner seg å vera sant. Leo svik henne til fordel for ekssambuaren han har fleire barn med frå før.

Bente høyrer dei snakka og blir snakka til, og det er ikkje godt å seia kva ho tenkjer eller trur. Ho vert i alle fall verande saman med Leo og i det tilkappa tilhøvet til seg sjølv og personane rundt seg. Ein kan spørja seg om kvifor denne tilsynelatande råbarka kvinna trur det beste og fortrengjer så lenge, men svara ligg innanfor dei tjukke og tyngjande veggane som skal vera ein heim. Ein heim der det usagde og utrygge rår, men som Bente på eit funksjonelt og handlekraftig vis greier å halda i saman.

Innsnevra bygdeliv
Den vitlaust primitive kommunikasjonen, eller manglande kommunikasjonen fortel ei historie sterkare enn den linære og litt for aristotelisk fullendte forteljinga. For det er tonen, språktonen som gjer desse menneska synelege og truverdige. Ikkje handlingane eller universet. I skildringa av det innsnevra bygdelivet er det språket, fritt for konstruert literaritet, som stør persongalleriet forbi den bratte karakter- og karikaturgrøfta. Det vert likevel feil å kalla dette språket for eit munneleg rett fram-språk.

Unge sitt språk liknar eit skrukkete og tilsølt laken, men er oppbygd av så mange språknivå at ein berre skal la lakenet liggja, ta ein kikk under madrassen, sjekka sengebotnen og sjølve handverket. Så kan ein spørja seg om kven som ligg og vrir seg i denne språksenga. Etterkvart kjem historia som gjer eit tilgrisa laken overflødig, men fortel noko om språk og livsvilkår.

Udisiplinerte setningar
Mirja Unge er fødd i 1973 i Sverige. Unge har heilt sidan debuten i 1998 med romanen ” Det var ur munnerna orden kom”, som ho fekk Katapultprisen for, stilt spørsmål om språk og røynd. Jernnetter er nok ingen forlenga arm av Tor Jonsson si diktsamling ved same namn. Men begge bøkene fortel likevel noko om sorga i hjarta ein aldri talar om. Unge si Jernnetter er ein einaste mur av tunge og ustrukturerte setningar. Ein tekstmasse som står og sjagar att og fram, og som det gjeld å smetta seg forbi. Koma på baksida av. I ei setning finst fleire setningar og bind slik saman ei heil meiningsrekkje. Bak dei udisiplinerte orda, dei lause rekkjene av opphogd meining utspelar det seg litt av kvart.

Punkterande poetikk
For det er Bente det handlar om. Ei jente som ikkje snakkar særleg ofte og mykje, men som gjer arbeidet sitt. Når så stefaren meddelar seg ved hjelp av lappar han let liggja att i mjølkebua, er det som om Unge sjølv går inn og kommenterer eige prosjekt. Brått er det forfattaren me høyrer snakka gjennom Bente. Som om forfattaren legg orda i munnen hennar: ” Klart det er noe med lapper”, sa jeg, ”de er jo skrevet”. ” Jo jeg skjønner at de er skrevet”, sa han, ” det er jo en annen måte å kommunisere på. ” Hva faen skal man kommunisere på en annen måte en den vanlige måten for”, sa jeg. ”det fins allerede en jævlig enkel måte å kommunisere på.”

Romanprosjektet får brått ein poetikk, uttalt av den tidlegare språklause hovudpersonen. Ein ting er at grepet verkar overtydeleg og overflødig. Eit anna spørsmål er om ikkje Unge sin språkkabal går litt for enkelt og motstandslaust opp? Eller er det slik som i teateret og hjå Shakespeare, at her kjem skodespelet inne i skodespelet? At det hjå Unge ikkje skal finnast tvil eller tvisynt språkspørsmål?

Tankane går til Mirja Unge si norske syster, Hanne Ørstavik og den siste boka hennar, ”Uke 43”. Ørstavik kallar romanen for eit statement. ” Uke 43” fortel om Solveig og livet hennar problematisert og illustrert gjennom samtalar som Ørstavik let gli over i essaystikk. Essayet vert vidare ein poetikk, ikkje berre for den litteraturkunnige hovudpersonen Solveig, men også for forfattaren Ørstavik. Der Ørstavik skriv om verdien av ”den sanne litteraturen”, har Unge uttalt at ho vil ”skriva språket slik det ser ut när vi anvender det, det sanna språket”.
Der er språket som tvingar lesaren inn i og gjennom Jernnetter. Språket som skriv romanen og spenner ei annleis røynd ut.

 

Arkiv 2005