Magasinett

Utskrift

Bok: Frå null til no

Skrive av Inger Bråtveit .

Frå null til no er ein ungdomsroman om løgner som går i arv. Om løgner som snører saman tre generasjonar kvinner i ein seig spindelvev, der hovudpersonen Jo er den som skal måtta kjempa seg ut or veven som er i ferd med klistra seg til heile kroppen hennar.

Og kroppen er det som får gjennomgå når tenåringsjenta som ber det androgyne namnet Jo, leitar etter sanninga om livet sitt. Ei leiting som ber i seg kime til oppgjer og oppvask. Jo er fotballtalentet og skulelyset som aldri har sett far sin og aldri har skuffa mor si.

Jo bryt med slektsklisteret på mange vis, men er òg bunde fast til løgnaktige overleveringar i tre kvinners ledd. Ambivalensen som ligg i dette moderlege, som er knytt til næring og kroppsleg omsorg, er det som står i fokus i Jo sitt oppgjer med mor si.

Jo har eit lausrivingsprosjekt og ikkje minst eit identitetsskapande prosjekt, men det er ein lang veg å gå: ”Eg står på kanten, slik ordkvinnene før meg stod: Sylvia med håret og hovudet halvvegs inn i gassomnen, Virginia med støvlane som ber henne ut på djupet der ingen kan symje, Charlotte som noterer med smale ledd til pusten forsvinn”.

Jo er åleine mot dei store kvinnene i slekta si, og prøver å henta hjelp frå føregangskvinnene i litteraturen. Men Jo et ikkje og kan ikkje omskriva si eiga historie utan å ha kroppen med seg. Det blir difor ein sanningskamp og sjukdomskamp mot eigen kropp og arv.

Tøffe taklingar
I byrjinga av romanen er det vanskeleg å få ei forståing av kva som vert fortald og kven som fortel, men snart går det fram at det er Jo som snakkar. At der er Jo som skal utlikne, som skal takle seg gjennom eit sterkt kvinneforsvar på heimebane. Jo sine inste tankar kjem brokkvis fram gjennom kursiverte stream-of-consciousness-notat, notat som frå ei dagbok.

Frå null til no er sjukdomshistoria til Jo og om kvifor det vart slik. Men romanen rommar også eit religiøst motiv med klåre religiøse referansar som ligg som eit mentalt lok over Jo. Jo som trenar og svelt seg til det ugjennkjennelege og ukvinnelege, og kanskje difor kjem inn på oppløpsida i ein slags kjønnsleg utlikningsposisjon? Som må gå den maskuline fotballvegen for å kunne ta opp kampen og balansere den treeinige kvinnearven? Som berre slik kan bli ei heil kvinne, heilt menneske?

Romanen opnar mange tematiske rom forfattaren kunne sett i ein større samanheng. Dei flinke referansane til dei kvinnelege forfattarane i litteraturhistoria verkar noko utanpåklistra fordi Trohaug ikkje vender tilbake til dette konkrete litterære feminisme-motivet. Her er det som om forfattaren går inn og kommenter eige romanprosjekt. Som om det er forfattaren sin teori me vert inviterte i, ikkje i Jo sin redde, indre monolog.

Trohaug-temperamentet
Trohaug vågar å ta opp eit alvorleg tema på eit truverdig og usentimentalt vis. Best er forfattaren når ho går på den brølande innsida av person og sjukdom. Her trer det særmerkte Trohaug-temperamentet fram med all sin poetiske kraft: ”Det var ein fin tanke. At dei skulle rulle i seg sju sortar og attpåtil hadde ete pinnekjøtt, pluss krem på fruktsalaten, at dei heiv i seg, mens eg fekk ein mandarin til å vare ein heil julekveld. Eg kom til å ete ein heil mandarin, og kanskje ville det ikkje gå bra. Det var julaftan, eg var snart seksten, det var julekvelden og alt eg kunne tenkje på var korleis ein mandarin ser ut inni, del for del.”

Til trass for ein noko massiv og motstandsfylt roman, er ein ting klart: Trohaug vil noko med litteraturen sin. Forfattaren har ein sannferdig, bortimot politiserande vakn-opp-bodskap det er verdt å lytta til. 

 

arkiv, 2005