Magasinett

Utskrift

Bok: Det aller fineste

Skrive av Roald Kaldestad .

Det aller såraste:

 

Eg har lese debutboka til Anna Bache-Wiig. Det er ei god bok om ein periode i livet som eg, og mange eg kjenner, ser tilbake på med ein sår verk i hjarta. Den tidlege tenåringstida då alt var stort og nytt og spananade, og kanskje litt ulovleg. Då ein for første gong fekk smaken på festing og drikking og røyking, forelsking og klining. Då ein brått måtte passa godt på kva klede ein gjekk i og henga med dei rette folka for å bli godteken.

Eg må innrømma at eg i byrjinga var litt skeptisk. Språket glei fint, med korte setningar som var lette å lesa, men eg syntest det var vel mykje oppramsing av klesnavn, parfymar, filmar, band og artistar frå 1980-talet. Eg tenkte at dette var ein lettvint måte å skissera eit tidsbilete på. Og det er jo greitt nok og koseleg det, i alle fall for meg som var fjortis midt på 80-talet sjølv, å lesa noko som ein kjenner seg igjen i. Men fungerer dette for ungdommar som vaks opp på 90-talet?

Heldigvis viste det seg ganske kjapt at 80-talet ikkje er det sentrale i boka. Det vert meir ein bonus for oss som var der. (Sjølv om dette er frå Bærum, og eg vaks opp i bygda Stord, så er referansane mistenkeleg like. Godt å sjå at dei var like harry i Oslotraktene også!)
Hendingane som Marte og venene hennar gjennomgår er ganske tidlause og universelle, trur eg.

Boka er bygd opp som ei rekke scenar frå eit år i livet til Marte. Det er ikkje store ord og fakter. Meir kvardagslege, antydande situasjonar.


Me får vera med på festar, tivoli, shopping og me ser kor pinleg det brått vert å gå på stranda med far sin. Her er klining og trekantdrama. Men mest av alt ser me korleis hovudpersonen og gjengen hennar veks i ulike retningar vekk frå kvarandre.
Boka opnar idyllisk slik ein gjerne hugsar barndomen gjennom ettertanken sitt filter:

"Vi var en kul gjeng. Jeg tenkte på Sterilan-reklamen, der alle ungdommene står under samme paraply."

Alt er fint og draumeaktig, og ho har mange gode vener som ho opplever mange "latterkick" med. Men så byrjar ting å skje. Idyllen slår små sprekker, og den trygge verda går i oppløysing. Klumpen i magen til Marte veks seg større og vondare. I byrjinga har til dømes alle same musikk- og klesstil, men så over sommaren diggar Marte The Cure og har fått palestinaskjerf. Plutseleg er det feil å vera skuleflink. Marte vil ikkje lenger at læraren skal lesa opp stilane hennar. Ein kjenner på kor skjøre banda mellom oss menneske er. Kor kort veg det er mellom innanfor og utanfor. Marte blir "viggo" (vennelaus) og "iglete" (klengete) over natta. Den episoden som gjorde sterkast inntrykk på meg er den laurdagen ho er blitt invitert på fest. Ei venninne skal berre ringa og stadfesta det. Ho sit på rommet og ventar og ventar. Ingen ringer. Kanskje er dette det aller såraste. At dei du trudde var venene dine ikkje vil ha noko med deg å gjera meir.

Dette verkar kanskje som ei veldig trist bok. Det er ho også, men ikkje berre. Her er også humor og varme. Og slutten er snedig. Her ser ein at noko har skjedd i hovudpersonen. Ho ser brått alt i eit nytt perspektiv.

 

Arkiv