Magasinett

Utskrift

Bok: Is- og Donaldsvingane

Skrive av Toyni Tobekk .

Arnt Birkedal har skrive mange bøker for både born og vaksne. Denne boka er ei bok til nettopp både born og vaksne, med nære og kjende bilete frå ein barndom lik dei fleste. Og sjølv om Birkeland viser oss bilete frå den gong han var liten, og hintar til teikneseriefigurar og opplevingar som nok høyrer heime i førre århundre, så er dette likevel svært gangbart og lesbart for yngre menneskje.

For at Arnt Birkedal vender seg til bornet i oss, skal det lemnast liten tvil om. Som tittelen indikerer, handlar det i Is- og Donaldsvingane mykje om nettopp Mikke Mus, Lynvingen, Timmi Grashoppe og Klara Ku. Teikneseriefigurane me kjenner så godt blir i mange av dikta beskrive så nært og så levande, at dei etterkvart står fram som nettopp det: levande og ekte personar på lik linje med storebror og mamma.:

Timmi

Grashoppe

finst. Også

når me ikkje

ser han,

børstar han skit

av frakken. Har han ikkje

samvit til å sløva

meir. Han går

for å vitja

gamle

kjente.


(frå Timmi Grashoppe finst også)

Samstundes handlar det i stor grad om andre kvardagslige og meiningsberande delar av livet som liten, og svingane til Arnt Birkedal sneiar innom mange aspekt ved nettopp dette. Her er titlar som Skiftar grammofonstift. Leiker Gud, Samleperm og Kyrkjegarden på Revheim. Nokre gonger kan det bli for mykje og for likt, kan hende blir det litt mykje Disneyliv for somme, men alt i alt er dette trygge, nære dikt med stor respekt for barnelivet.

Is- og Donaldsvingane er først og fremst ei leiken bok for store born.

 

Arkiv, 2005