Magasinett

Utskrift

Bokmelding: Blind

Skrive av Toyni Tobekk .

Blind, men ikkje blenda:

 

Lars Ove Seljestad har hausta enorme ovasjonar for debutboka ”Blind” som kom i vinter. Ovasjonane er fortente, men kanskje burde ein ha lese boka før ein les kritikken.

Forventningane blir fort skyhøge når ein les mykje bra om ei bok – og det lenge før ho kjem ut. Det gjeld om å nullstilla seg før ein blar opp første side, og med boka Blind var det faktisk ikkje så vanskeleg. Ei dyster og vond historie er det, men så medrivande skrive at ein ikkje greier fri seg før boka er slutt. Og då er det nesten så ein skulle ønskt ein ikkje hadde begynt.

Boka opnar knallhardt: ”Geir Kinsarvik sjagar oppover Ostertorsteinweg og ønsker at han kunne bli ramma av blind vold”. Forklaringa på dette dødsønsket kjem naturleg nok ikkje før i slutten av boka, men innan ein kjem så langt dukkar det opp mange hendingar i Geir Kinsarvik sitt liv som gjer at ein forstår kor dette må bera hen.

Stikkorda er Odda anno nittensytti-noko, smelteverket, arbeidartradisjonar og klassekamp.
Etter eit grovt overgrep under ein skulefest bestemmer den unge Geir seg for at han skal ”bli noko meir”, les: komma ut av arbeidarklassa, ut av Odda, ut av familien. På tross av farens sterke motforestillingar, vel han å forlata Odda for å studera sosiologi. Han får seg etter kvart eigen familie: kone og ein son, fin svigerfamilie og husvære i hovudstaden. Men overgrepa held fram utan at Geir Kinsarvik greier ta kontrollen, og til slutt ber det galt av garde, for å seia det mildt.

Seljestad tar i debutboka si eit oppgjer med både arbeidarklassen og det akademiske livet. Tydeligst, og levna mest direkte tale, er faren som i ein lang monolog instruerar sonen i arbeidarklassen sitt stolte vesen og som seier beint ut at han skjemst av sonen sin. Mora til Geir blir til gjennom skildringar av livet i og rundt smelteverket. Ho ønskjer, i motsetnad til faren,  at Geir skal få eit anna innhald i livet enn det ho sjølv har hatt. Samstundes er  nett det ei kjelde til konfrontasjon mellom mor og son ved eit seinare høve.

Boka kan og lesast som eit oppgjer med det maskuline, og gudane skal vite at det til tider fløymer over av testosteron, sæd og tårer i denne historia. Det er rått, vondt og ubehageleg å leva livet til Geir Kinsarvik.
Samstundes er Seljestad så skremmande treffsikker i si nyanserte og balanserte avsløring av kvinnesinnet, at eg, som kvinneleg lesar,  kjenner meg heilt avkledd og blottstilt. Og det er nettopp dei nærgånade skildringane av kvinnene i denne boka som gjer at eg ikkje er ukritisk blenda av ein sterk debut.

 

Arkiv