Magasinett

Utskrift

Film: Frøken Sverige

Skrive av Synnøve Macody Lund .

Blitz eller blond – å vera ung er for jævlig...navlebeskuande:

 

"Jag har stans största pattar. You and me forever? ;-)” er den totalt misvisande taglinen på denne filmen. Ikkje kjøp billett til Frøken Sverige for å sjå blonde barbiefjes blottstilla seg på nettet for ”litt oppmerksomhet”, for å seie det slik. Alexandra Dahlström fra ”Fucking Åmål” speler Frøken Sverige, eller Moa; ei usminka veganerinne som er like sint på storkapitalismen som sin eigen oversosialiserte familie.

Ho pakker dopapir på ein fabrikk i vekedagane, drikk øl og blir skuffa av kjærleiken i helgene. På samme vis som det ikkje er enkelt å vera slave av kommerse kvinneideal kan ein her konkludere med at det slettes ikkje er så enkelt å vera anti-alt heller. I alle høve ikkje når ein eigentleg berre vil bli elska og akseptert for den ein er. Og det vil vi jo gjerne alle.

Reaksjonære Moa blir ei omvendt forknytt kvinne; ei snublande sjølvmotseiing som sminker seg i smug medan ho syng ”ulovlege” romantiske lovesongs. Ho demonstrerer mot dyremishandling, men blir ikkje særleg betre behandla av dei gutane ho forelskar seg i. Mangelen på ryggrad skaper problem for Moa, og når ho finn ut at sjølv bestevenninnene ler bak ryggen hennar, fattar ho (endeleg!) at det er på tide å setje vernestøvelen ned.
 
Dette er ein sjarmerande film som mange jenter/kvinner garantert vil kjenne seg håplaust igjen i. Men når manuset og historia vinglar verre enn Moa, og dei andre karakterane er så radikalt overspelte at ein nesten blir borgarleg snøftande, vert Frøken Sverige diverre litt for enkel. Diverre, fordi dette kunne vorte ein annleis jentefilm med meir meining enn mascara. Her blir moralen snarare ’Blitz eller blond – å vera ung er for jævlig...navlebeskuande’? Og at alt faktisk ordnar seg når ein endeleg får kjæraste burde vel vera den minste klisjefella denne ”radikale” filmen klarte å trø utanom.

 

Arkiv, 2005