Magasinett

Utskrift

Bok: Kompani Orheim

Skrive av Toyni Tobekk .

Jarle Orheim er ein vanleg gut i ein vanleg familie som bur i den gjennomsnittlege byen Stavanger. Jarle er einebarn, mora Sara sit på kontor og steller elles heime, medan faren Terje er skuleinspektør og alkoholikar. Me følgjer livet til Jarle og familien frå byrjinga av syttitalet til midten på nittitalet.

Jarle  er ein fyr som  går heilt og fullt inn i alt han gjer: Det handlar om musikk, antirasisme, feminisme, kjærleik, angst og øl. Og det handlar mykje om å få gjort det han vil meir enn noko anna: Pule.
Syttitalet går unna i fotball, mørkredsle og eit overdrive behov for kontroll. Det glade åttitalet er nett så rosa som mange hugsar det, og noko av det viktigaste i verda kjem for fullt inn i Jarle sitt liv: Jenter.

Under og over alt dette ligg faren sin alkoholisme, mora si veikheit og Jarle sin angst og gjer noko med familierelasjonane. I dei første åra er det helgefylla til faren som rår, men etter kvart tar alkoholbruken overhand og blir liggjande som ei slagmark mellom Jarle, mor og far.

I store delar av romanen blir derfor Terje Orheim like mykje ein hovudperson som sonen Jarle. Terje er ein mann låst fast i eit ikkje-eksisterande forhold til sine eigne foreldre. Han er fornøgd med å ha fått sin eigen litle familie, ”Kompani Orheim”, og i byrjinga går det heller ikkje så verst. Han steller med rekkehuset og med den nysådde plenen, han er inspektør og fotballtrenar, han tar ein drink i helgene, og livet er godt. Men etter kvart blir alkoholforbruket kvelande, og ”Kompani Orheim” er i oppløsing.

Tore Renberg manøvrerer lesaren gjennom familien sitt samanbrot ved å ta oss med inn i hovudet til dei ulike personane. Slik får ein kjennskap til kva alkoholen og valden gjer med den enkelte, inkludert han som drikk og slår. Denne skiftinga av synsvinkel gjer også sitt til at historia vert frisk og stadig tar nye svingar.

Det er mykje musikk i denne boka, og eg tenkjer at det kanskje kan lesarar som er fødd etter nittenåtti ikkje få det same ut av boka som ”oss som hugsar” dette tiåret med Live Aid, The Smiths, Ball-genserar og FMI. Ei lita innvending kanskje, og denne lesaren uansett eit lett bytte som gjekk glad og fornøgd i gjennkjenningsfella.

Boka om Jarle Orheim, eller Jarle Klepp som han etter kvart blir heitande, er ei fortsetjing av ”Mannen som elsket Yngve”. Det vil sei, ”Mannen som elsket Yngve” handlar om Jarle på gymnaset, medan ”Kompani Orheim” dreier seg om livet hans før og etter gymnasdagane. Mest før. ”Kompani Orheim” er likevel ei bok som står på eigne bein, ein treng ikkje vita noko frå den eine boka for å lesa den andre.

Men om den eine inspirerer til lesing av den andre, er ei anna sak - og nett det har me tru på. Denne lesaren er i alle fall veldig klar for meir Jarle Klepp.

 

Arkiv, 2005