Magasinett

Utskrift

Bok: Herfra til Rockaway Beach

Skrive av Einar Olsen .

Ein krysseld av ei lydbok:

 

Hadde nokon fortalt meg at rockehistoria kan presenterast slik Levi Henriksen og Thomas Mårud gjer på CD’n ”Herfra til Rockaway Beach”, kvifor skulle ein då pløyd seg gjennom all slags rocke-leksikon med fakta om korleis rocken utvikla seg i forrige århundre?

Gjennom ni leksjonar vert rockehistoria spelt inn i lyttaren sine øyre – ja, for rock’n roll handlar om å lytte, ikkje lese! Gjennom stemma til ein pastorson frå glåmdalsdistriktet (sør i Hedmark) får me ei subjektiv skildring av eigenutvikling i takt med tida. På eit vis vert det som filmmusikk til forfattarens oppvekst, samstundes som bileta han ”ord-teiknar” flimrar forbi. Ei historievandring mellom bedehus og verdsleg kvardag, Noreg og Amerika, frå uskuld til skuldkjensle, frå born til vaksen.

Ein tilbakelent stemme introduserer det som kjem; ”Herfra til Rockaway Beach - en musikalsk reise fra Lapp-Lisa til Ramones med Levi Henriksen og Thomas Mårud.”

Leksjon 1 legg grunnsteinen til huset me går inn i; House of the Rising Sun. Resiterande fortel Henriksen om synd og fortaping, brått vert tona hengjande og Thomas Mårud syng med rusten røyst bedehussalmen; Barnatro. Pinsevenn-oppvekst og rock’n roll.

Grepet med det nære og kjende i norsk 60- og 70-tal fungerer godt som ramme i møte med ”The Killer”; Jerry Lee Lewis, Elvis og Johnny Cash. Nye historier til kjende songar som lyttarar over 30 år vil kjenne seg att i.

Me får møte alle dei store; Buck Owens, Bob Dylan, The Beatles, Rolling Stones, Sweet, Slade, Bruce Springsteen og mange fleire. Det vert lagt nye dimensjonar til kunsten å knusa gitarar, og før den tid; mandolinar. Steelgitaren vert løfta opp på eit hittil ukjent maskulint nivå. Henriksen har óg funne plass til ”Den første rockeren” i Noreg; Åge Samuelsen! Ei varm og respektfull skildring av eit levande menneske. At leksjon 4 avsluttast med ”Sitte på ei bombe” av Joakim Nielsen (Jokke), viser spennet mellom rockarar som har sin tydelege plass i Noregs eigne rocke-historie.

Forfattaren omset den gamle tradisjonslåta ”Knoxville Girl” til ein norsk mordarballade med stil i ”Småbybrud”. I all si naud og elende får me høyre kor galt livet kan bera av stad.

I den siste leksjonen vert det lagt ei ny dimensjon til omgrepet tid; ”Tiden målt med Ramones”. Her flyt omgrepa på rocka vis om kvarandre; personen Levi Henriksen fortel om tankar mens han skreiv den kritikerroste boka; ”Snø vil falle over snø som har falt”, før han les det siste avsnittet frå si eiga bok, …og JA, Thomas Mårud syng Ramones-låtar i bakgrunnen!

At Henriksen kan si rockehistorie er det ikkje tvil om. Med fortid som bassist og låtskrivar i Heart Of Mary vart han noregsmeister i rock på midten av 80-talet. No kan han snart få ein ny pris for rockehistorie-forteljingar – for det er nett det det handlar om; nybrottsarbeid. At Lydbokforlaget skulle gje ut noko som til dei grader berikar norsk musikkliv var ikkje det denne anmeldaren hadde rekna med. Det er mange andre plateselskap som til vanleg gjer det. Så med rocka glede utropar eg ”Herfra til Rockaway Beach” til den viktigaste norske CD-utgjevinga i 2005.
Speletid: 0.53.48 – ein snau time vel verd å lytta til!

NB! Ein rocka digresjon til slutt; Spor 7 og 8 er forveksla i bookleten som følgjer CD-plata, men Henriksen losar oss likevel trygt fram på kryss og tvers i rockehistoria!

 

Arkiv, 2005