Magasinett

Utskrift

Film: My Date With Drew

Skrive av Synnøve Macody Lund .

Dette er ei digital video-dagbok sett gjennom det drøymande blikket til Brian Herzlinger. Han er ein blakk, ambisiøs filmskapar frå New Jersey som har vore forelska i Drew Barrymore sidan han som gutunge såg Spielbergs klassikar «E.T.». Brian vil gjerne kombinere sine to lidenskapar – film og Drew – men å lage film er vanskeleg utan pengar. Endå vanskelegare utan videokamera. Men dette fikser Brian med kredittkort på ei elektrosjappe med 30 dagars returrett. Deretter byrjar dekonstruksjonen av dei seks seperasjonsgradene som ettersigande skiljer han frå Drew. Han må snakke med nokon som kjenner nokon som kjenner nokon…
 
Denne lavbudsjetterte gjer-det-sjølv-filmen har absolutt sekvensar der ein ler hjarteleg, om enn alltid litt brydd, saman med sidemannen. Og teamet skal ha ros for at dei våger å satse, og å vise at det kostar. Det har dei då også fått mykje kred for på festivalar rundt om i verda. Likevel ligg det noko klamt amerikansk drøymande over både prosjektet og Brian; ei slags sjølvforherligande oppvising i sjarme, kjensleblotting – OG mangel på sjølvinnsikt.
 
Sjølv om det sjeldan bikkar over til å bli direkte pinleg, minner Brians mest brukte ansiktsuttrykk av typen “No gjer eg noko skikkeleg sinnsjuuukt!” meg personleg mest om attityden til ei viss nybakt songstjerne frå Vennesla kombinert med den interne humoren til Tuba-gutta på korpstur på 80-tallet. Så når Drew endeleg møter opp til date er i alle høve eg så dørgande lei av Brians leikne og ærlege vitnesbyrd om korleis han opplever kvart einaste minutt av filmen, at eg så vidt klarer å oververa seansen. Til å le påtatt oppriktig frenetisk av det også reknar eg med.


I beste fall er denne filmen ein perfekt dating-film. Så kan ein fnise nervøst saman på Brians vegne i staden for å gremmast over seg sjølv.

 

Arkiv, 2005