Magasinett

Utskrift

Bok: Feministhåndboka

Skrive av Ida Ljønes .

Noko ujamt frå forfattar-feminist:

Feministhåndboka er ei bok ”full av nyttige tips” for alle feministar. Forfattaren er Grethe Nestor, som tidlegare har gitt ut romanen Happy, og som no også skriv i spalta Feminist - javisst! i Klassekampen.

I Feministhåndboka finn vi mellom anna lynkurs i feministhistorie, og info om sentrale feministar. Her er tips til feministdebattar og kvoteringsdebattar, oversikt over feministisk lesestoff og musikk, og døme på ulike typar feministar -frå  gammelfeministen til guccifeministen. Ein kan ta testen ”Hvilken bindestreks-feminist er du?”, og ein får til og med tips til korleis ein kan barbere seg nedantil.

Det må vere ei stor utfordring å skrive ei bok om feminisme når ein siktar mot ei så stor målgruppe som Grethe Nestor gjer. Feminisme er eit lada omgrep dei aller fleste har eit forhold til, og ei meinig om. Nestor har prøvd å løyse problemet med bruk av humor og ironi. Og ein del av tema i boka er verkeleg morosame, til dømes feministdrikkespelet og lista over feministparolane som er brukt opp gjennom tida.

Mykje av informasjonen om feministhistorie og liknande er interessant og godt skrive, og forfattaren har stort sett klart å få til gode overgangar mellom dei ulike tema. Men det kan nok vere ei utfordring å skrive ei bok om feminisme, sjølv om ein skriv med humor og ironi. Boka er morosam og underhaldande, men dessverre berre til dels. Bruken av ironi kan fort skli frå morosam til skarp. Dette er kan hende eit middel for å provosere -og då får forfattaren det til-, men som lesar kan ein bli noko forvirra.

I eit av dei fyrste kapitla, ”Feminisme for ferskinger”, skriv Nestor at det fins mange ulike typar feminisme. Men utover i boka kan ein få ei kjensle av at det i grunn berre er ein type ”ekte” feminisme, og at rettesnora for denne typen er temmeleg avgrensa. Under lista over ”Paroler feminister ikke bruker” står det at parolen ”Kvinne er kvinne verst” er eit antifeministisk slagord.

Det kan vere, men kvinne må iallfall vere kvinne ille når det sjøl i ei bok om feminisme vert rakka ned på den eine typen feminisme etter den andre. Det kan få sjølverklærte feministar til å kjenne seg noko støtte. Og ein kan stille seg spørsmål som til dømes ”-Er det verkeleg umogleg å ynske seg barn om ein er feminist?” Forfattaren slår desverre fleire stader sine eigne poeng litt i hel. Ho skriv blant anna at ein kan argumentere mot porno med at porno gjer kvinner til sexobjekt for mannen.

I same bok trekk ho fram Christina Aguilera som ein songar som vert anbefala til feministar, og ho skriv ikkje anna enn positivt om eks-stripparen Wendy O. Williams som spelte på ”aggresiv seksualitet og naken hud ” i showa sine. Slike dobbelte meiningar gjer desverre noko med forfattaren sitt truverd.

I kapittelet ”Oups, hvor la jeg kvinneligheten min?”, går forfattaren hardt ut mot vekeblad av typen ELLE, KK og Det Nye. Reint feministisk har ho gode grunnar til det, men i stil kan ein sjå at Nestor si bok ikkje er så reint lite vekebladaktig. Testar, anbefalingar, tips, meir inngåande ”reportasjar”, og alt i alt ei god blanding av humor og alvor, er ei oppskrift som liknar veldig den vekeblada bruker. Det treng ikkje vere negativt i seg sjølv, kan hende vil boka dermed nå ut til ei større gruppe lesarar.

Feministhåndboka vekkjer engasjement om eit viktig tema og den er til dels underhaldande og informativ. Men balansen mellom morosam og skarpt rettleiande er ikkje god nok, og det gjer boka i heilskap noko ujamn. Likevel kan ein godt ynskje at boka treff lesarar som kanskje aldri les anna feministstoff, og at ho på den måten kan engasjere nye feministar.

 

Arkiv, 2005