Magasinett

Utskrift

Bok: Landet Alltid Raudt

Skrive av Toyni Tobekk .

Er dette sci-fi? Fantasy? Thriller? Ja, det trur eg. Det er i alle fall spennande så det berre held!

Bjørn går i femte klasse. Han har ei kort lunte, og klassekameratane likar å terge han til han blir illsint. Ein dag går det over styr og Bjørn blir så sint at han ikkje greier å styre seg. Han forsvinn frå jordas overflate.

Venen til Bjørn, Runa, går i åttande klasse og vil ikkje innrømme for klassen sin at ho er kompis med ein som går nokre klassar under. Men då Bjørn forsvinn, er det Runa som blir nøydt til å leite etter han.

Det blir ein leiteaksjon av dei sjeldne. Bjørn har nemleg havna i Landet Alltid Raudt, ei verd parallell med vår verd. Der blir han dregen inn i konflikten mellom Gamle Aron og mennene hans på den eine sida, og Krako og Kameratane på den andre. Gamle Aron styrer landet med hard hand, samstundes som han er på jakt etter eit nytt land å erobre.

På ”utsida” kjem Runa  også i kontakt med gode og onde krefter som vil styre ho i kvar sin retning. Ved hjelp av den gamle, allvitande Florence får ho til slut kontakt med Bjørn i den andre verda, men då er dagen for det store slaget mellom det gode og det vonde kome…
 
Ting skjer fort i denne historia, og både Runa og Bjørn blir sett på prøver dei aldri trudde dei skulle kome ut for. Til tider går det veldig tøft for seg. Det flyt blod, og svært tøffe kampar blir utkjempa. Dette er rått og sterkt og direkte, men samstundes er det plass for glede og gode kjensler.

Landet Alltid Raudt er ei ungdomsbok med alle dei gode ingrediensane: vennskap, ekte personar i persongalleriet, friskt språk og mykje, mykje spenning.

 

Arkiv, 2005