Magasinett

Utskrift

Bok: Bosnia-Hercegovina Vårt Heimland

Skrive av Vigdis Stokker Jensen .

Humor, alvor og forvirring om Bosnia-Hercegovina :

 

I boka ”Bosnia-Hercegovina, vårt heimland”  blandar forfattaren Egil Hyldmo ein mikstur av leksikalske fakta, reportasje, reisehandbok og kulturhistorie på ein temmeleg forvirrande måte.

Det er ikkje lett å sjå kva intensjonar forfattar Egil Hyldmo har med denne boka. Innleiingsvis får ein inntrykk av at det er ei ungdomsbok, som handlar om dei tre ungdomane Helena Prskalo, Sejla Fajcovic og Nenad Orucevic frå Bosnia-Hercegovina. Alle tre bur no i Noreg. Dei tre blir presentert som ”forteljarstemmer”, men så går ein direkte over til faktastoff om landet Bosnia-Hercegovina.

Boka har kart og opplysningar om flagg, statsform, mynt, religion, språk, og andre fakta i kortform innleiingsvis. Deretter kjem det eine kapittelet etter det andre, om ”Det fleirkulturelle landet”, ”Dei tusen bruers land”, ”Landet mellom aust og vest, ”Dei unges land”, ”Det festglade landet”, for å nemne nokre av overskriftane. Desse kapitla inneheld  historie, geografi, kultur, levemåtar, religion, økonomi, næringsliv, politikk og styresett, den siste krigen og kva ein måtte ønskje, presentert som om det skulle vore anten ei lita lærebok om landet, uvisst til kva slags bruk, eller ei litt tynn reisehandbok.

Litt over ein tredel av nesten kvar side er ei farga kolonne, som inneheld anten reine faktaopplysningar, eller kommentarar frå dei unge forteljarane om det kvart kapittel tek opp. I denne kolonna finn ein også dei humoristiske småhistoriene om Haso og Muljo, to av hovudpersonane i dei typiske ”bosnisk-vitsane” som innbyggjarane fortel for å ironisera over seg sjølve. Innimellom finst det også heile sider med myter og legender frå landet. Det er mogeleg dette er den nemnte fiksjonen. Boka er illustrert med voldsomt mange flotte bilete, dei fleste henta frå Scanpix eller Turistbyrået i BiH.

Heilt til slutt i dei nummererte hovudkapitla kjem ein bolk om bosniarar i Noreg, og etter dette, som ei avslutning, har Hyldmo plassert ”Å vere ung i krig”. Hovudsakeleg er dette historier henta frå bøkene til Zlata Filipovic og Zeljko Vukovic, som begge flykta frå Bosnia under krigen i 1992-95. Heilt til slutt får dei unge forteljarane som bur i Noreg også komma med sine opplevingar frå krigen.

Det er mogeleg Hyldmo har hatt eit ønskje om å spreia opplysning og kunnskap om eit land som ikkje er så kjend blant ungdomar i Noreg, trass i at det bur over 12000 flyktningar frå Bosnia-Herzegovina her. På den måten kunne boka ha vore ei bru mellom etnisk norske ungdomar og desse flyktningane.

Men den lange og kaotiske historia til landet, den rike, mangfaldige kulturen og det gjestfrie, venlege folket kan ikkje rommast i ei så tynn bok. Difor blir mykje av det som presenterast som fakta i staden lite underbygde påstandar, og i nokre tilfelle skal så mykje stoff komprimerast at det rett og slett blir feil.

Når ein til dømes påstår at bosniarane er lite glade i politikarane sine, er det ei form for forenkling som ikkje bør framsetjast som fakta. Det er nok å ta seg ein rusletur i gamlebyen i Sarajevo og sjå alle bileta av Alija Izetbegovic for å innsjå at dette er feil som ein generell påstand.

Same sak er det når forfattaren er oppteken av å presentera dei tre folkeslaga serbarar, kroatar og bosniakar som finst i landet, på ein fullstendig nøytral måte. Kulturelt og menneskeleg er det eit sjølvsagt standpunkt, at dei er likeverdige og skal presenterast som det. Men ein kan trekkja velviljen og ønskjet om ikkje å støyta nokon for langt. Det gjer Hyldmo når han påstår at alle desse tre partane dreiv med etnisk rensing under krigen i 92-95. Verken FN eller verdssamfunnet elles har funne haldepunkt som underbyggjer dei serbiske påstandane om dette.         

Samla sett er det verdifulle opplysningar i boka, og Hyldmo sin intensjon er god. Men som ein seier i idretten, ein kan vilja for mykje. Det er Hyldmo sitt problem her. Han kunne ha gitt dei bosniske ungdomane hovudfokuset som dei forteljarstemmene dei blir presenterte som. Resten kunne han med fordel ha overlate til eit leksikon og ei reisehandbok. Då hadde boka blitt levande og interessant, og både landet og dei unge forteljarane hadde fått den merksemda dei fortener. 

 

Arkiv, 2005