Magasinett

Utskrift

Film: En høyst uvanlig mann

Skrive av Brynjulf Jung Tjønn .

På to raske hjul:

Har du nokon gong blitt frista til å setje deg bak styret på ein motorsykkel og berre gasse på, utan å måtte uroe deg over motgåande billistar, trafikkreglar, fotoboksar og politi? Vel på saltslettene i Boneville i USA er dette fullt mogleg.

Kvart år blir det sett nye fartsrekordar på denne sanddyna. Å få kome hit er den store draumen til pensjonisten Burt Munro, spela av Anthony Hopkins (68). Opp gjennom livet sitt har han dominert motorsporten i New Zealand, sett nasjonale rekordar og fått seg eit namn, men no byrjar han å bli gamal.

Det same gjer motorsykkelen hans, ein gamal 1920-modell Indian Scout , som har gått av moten, og som blir latterleggjort. I bygda ristar mange på hovudet over den gamle mannen som brukar all si tid på å flikke og gnikke på motorsykkelen. Og dei
 
fleste har inga tru på at han nokon gong kjem seg til USA for å setje verdsrekord. Men han gir seg ikkje, og tek pant på huset for å få nok pengar.

Året er 1962. Burt Munro tar fatt på reisa over sjøvegen til USA. Undervegs blir vi kjende med ein varm og fordomsfri person som det er lett å bli glad i og fascinert over. «En høyst uvanlig mann» er ein usedvanleg varm film, fortalt på ein stødig og roleg måte, utan for mykje fakter og fiksfakteri. Hopkins gjer ein god jobb i hovudrolla, sjølv om rollen som Burt Munro neppe er den vanskelegaste rollen han har spelt.

Det som kanskje gjer denne filmen ekstra naudsynt og bra, er at den bryt med det fantastiske og eksepsjonelle som ofte står sentralt i filmane i dag. Eg såg «En høyst uvanlig mann» rett etter at eg hadde fått med meg
 
«King Kong» og «Drømmen om Narnia»på kino. Sjølv om eg likte godt begge desse andre filmane, var det særs tilfredsstillande å kunne nyte ein film der den gode historia, med enkle, ujålete karakterar, stod i fokus i staden for påkosta spesialeffektar.

Det kan bli for mye bråk, ståk og eksplosjonar på kino. «En høyst uvanlig mann» inneheld berre god varme, ekte menneske og ein sympatisk hovudkarakter. Men til og med gamle Burt Munro syndar. På veg til USA er han nemleg utru mot kjæresten sin, utan at dette blir problematisert eller dvela ved i filmen. Munros samvit verkar total rein.

Dette er nok ikkje ein Oscar-kandidat for neste år. «En høyst uvanlig mann» vil neppe stå igjen i filmhistoria som ein klassikar, men likevel er det ein god film. I tillegg må det seiast at det er litt befriande å sjå Hopkins som ein gamal snill mann, og ikkje som menneskeetande Hannibal Lecter.

 

Februar 2006