Utskrift

Film: Kung Fu Hustle

Skrive av Brynjulf Jung Tjønn .

Heilt vilt:

Fjorårets beste film? Ja, meiner eg. Det er vanskeleg å sjangerplassere denne utrulege filmen som inneheld musikalelement, action, utruleg asiatisk
kampsport, kjærleikshistorie og magiske spesialeffektar.

Filmen er på mange måtar også ein parodi på dei mange slåssfilmane som er blitt laga. Galskapen står uansett i sentrum i «Kung Fu Hustle», der regissør Stephen Chow har fått utfalde seg akkurat som han vil. Rollekarakterane er morosame, karikerte, og det er flott å sjå ein film der heltane ikkje nødvendgvis er modellvakre.

Det store minuset  med denne DVD-en er ekstramaterialet, som ikkje står i stil med sjølve filmen. Til dømes er «The making of»-dokumentaren alt for lite interessant. Den gjev oss lite svar, og det verkar som om skaparane har teke lettvint på denne oppgåva.

Elles er det ein del valdelege scener i filmen, men mange av dei er så overdrivne at det ikkje blir verken ekkelt eller skummelt. ”Kung Fu Hustle” har ei klassisk handling – kampen mellom dei gode og dei onde. Ein fantastisk film!

Februar 2006.