Magasinett

Utskrift

Lydbok: Frendeløs

Skrive av Toyni Tobekk .

Leiter etter håp - og foreldre:


Frendeløs er ein klassikar på mange måtar. Til dømes er det ein av dei første europeiske bøkene som tok barnelivet på alvor. Men eigentleg hadde ikkje Malot meint at dette skulle vere ei bok for barn.

I denne romanen frå 1878 vert me tatt med inn i livet til den foreldrelause guten Remi. Han bur saman med fosterforeldra sine, mor og far Barberin, i ein liten landsby i Frankrike. Som dei fleste rundt dei, er dei fattige og må streve for å få mat i magen og tak over hovudet. For å berge seg økonomisk leiger fosterfaren Remi ut til ein gatemusikant for ein periode.

Så brutalt det enn høyrast ut, så vert likevel dette ei fin periode i livet til Remi. Saman med musikanten og gjøglaren Vitalis og alle dyra hans reiser Remi rundt på landevegen og underheld med små tablå og vakre songar for å tene pengar til mat og losji. I selskap med denne truppen lærer og Remi noko viktig om venskap og omsorg.

Men alt godt har ein ende, og då Vitalis hamnar i fengsel, er Remi atter ein gong prisgitt dei vaksne i ei tid der ungar ikkje har nokon eigenverdi og er fritt vilt i jakta på mat og pengar. Samstundes byrjar han å tenkje på kven dei eigentlege foreldra hans er. Leitar dei etter han?

Frendeløs er både ei gripande og trist historie som gjer at i alle fall denne lesaren sat med tårer i auga meir enn ein gong. For Remi si ferd gjennom livet er til tider djupt tragisk og slett ikkje vakker. Likevel er det gleder å spore, og Remi er ein rørande karakter som trur berre godt om dei fleste og som har ei nydeleg evne til omsorg.

Frendeløs er omsett til både nynorsk og bokmål. Det er bokmålsversjonen som blir lesen på denne lydboka. Når ein ser kor svært få lydbøker som blir gjevne ut på nynorsk årleg, skulle eg ønskt at Lydbokforlaget her hadde valt å få lese inn nynorskversjonen.

Men sjølv om ein aldri så mykje ønskjer å gjere dette til ei målsak, er eg likevel meir oppteken av at riktig mange unner seg denne godbiten av ei lydbok. God bok!

Slepp tårene laus, det er heilt greitt!

April 2006