Magasinett

Utskrift

Poesi frå telefonkatalogen

Skrive av Ragnhild Margretha Taranger .

Austgulen, Kleivsletten, Silkoset, Sjøøsten. Det er utruleg mykje fint ein kan heite. Ottar Ormstad har laga eit kresent utval av Telefonkatalogen for Oslo.

 

Ormstad, som til dagleg jobbar som taxisjåfør i Oslo, har skrive dikt i mange år. Dei har han til no gitt ut på eige forlag i små opplag, i tillegg til å vise dei på kunstutstillingar og på nettstader for konkret poesi.

Han jobbar visuelt med ord, og plasserer seg såleis i eit grenseland mellom litteratur og bildekunst.

Dei finaste namna

No debuterer han på det «ordentlege» forlaget Samlaget, med dikt han har funne i Telefonkatalogen. Alle dei fantastiske namna som finst i Oslokatalogen! Ormstad har leika seg med namna, laga eit kresent utval av dei finaste av dei, og sett dei opp på ein svært visuell måte på sidene.

Vakkert om Oslo

Forfattaren Helge Rykkja seier om Telefonkatalogdiktet på nettsidene sine:

«Det er lenge mellom vakre poesiverk som skildrar Oslo eller det Oslo kunne vori. Her har vi eit av dei aller vakraste verka nokon Oslo-borgar hittil har gitt byen sin eller ein annan skandinav har gitt sin eigen skandinaviske store by.»

Visuell og konkret

Forma Ormstad har valt seg vert både kalla visuell poesi, lydpoesi og konkret poesi. Sjølv kallar han Telefonkatalogdiktet, i eit intervju med Dag og Tid, for dokumentarpoesi.

Perfekt å køyre taxi
Ormstad meiner at taxisjåføryrket passar bra, og han har funne mange flotte namn på Visakorta til pasasjerane sine.

- Det er den perfekte jobben for meg. Nattarbeid, fridom og mykje folk.

April 2006