Magasinett

Utskrift

Bok: Kjære Gabriel

Skrive av Ida Ljønes .

Vakkert skrive bok frå ein far til sin autistiske son:

«Kjære Gabriel» er ei bok i brevform skrive av ein far til den sju år gamle sonen hans, Gabriel. I dette brevet fortel faren om livet, med familien og Gabriel som eit naturleg sentrum.Han fortel om hendingar, både kvardagslege og festlege, men alle særeigne og spesielle. Han skriv om heimen deira, og naturen rundt som dei har så nært eit forhold til.

Dei dreg ut med båten på turar til holmar og skjær, og far og son er ofte på skattejakt der dei finn ekte skattar. Faren fortel om feriar til Thailand og til dyreparken i Kristiansand, og om Gabriel som leikar sjørøvar, som opptrer med ein song på skuleframføring, og som då han lærar å skrive og  sykle får ein stor pokal frå lærarane sine. Eit vederlag for ein stor seier.

 Kjære Gabriel, Font forlag


Kjære Gabriel
av Halfdan W. Freihow
Font forlag 2006

 

Gabriel har diagnosen autisme. Ein diagnose som gjer det vanskeleg å «delta i menneske-spelet» som faren skriv. Gabriel er rasande god på å bruke ord, men han forstår berre den direkte, bokstavlege meininga med dei. Han er «grunnleggande ærleg, oppriktig, kjærleg og fryktlaus», men ute av stand til å sette seg inn i andre situasjonar enn sin eigen. Og han er avhengig av at alt han ser og opplever «går opp» i si eigne logiske tankerekkje, elles dett Gabriel si verd saman og då blir det vanskeleg å vere Gabriel. Og det blir vanskeleg å vere far til Gabriel.

I eit samfunn der alt er bygt opp for å passe til «menneske-spelet», er det lite som skal til før noko blir ulogisk for Gabriel. Metaforar, ironi, urett og sosiale kodar er fenomen som er innarbeida og sjølvsagde for dei fleste, men fullstendig uforståelege for guten. I alle situasjonar han møter, må han danne seg eit heilt nytt reaksjonsskjema, om ikkje situasjonen er på ein prikk lik ein han har vore i før. Det er slitsamt for Gabriel, og ei utfordring for familien og andre rundt ham.

Men dette er ikkje ei negativt lada bok der utfordringane får alt fokuset. Dette er ei bok med positivt forteikn. Ei bok der forfattaren på ein sjeldan vakker måte skildrar ein far sitt forhold til sonen sin, og som med stor respekt og forståing fortel Gabriel, og lesarane, om gode og vonde hendingar som har sett spor, og som freistar forklare kvifor dei fekk det utfallet dei fekk. Som lesar føler ein seg privilegert som får innsyn i faren sin kjærleik til sonen. Denne kjenslespekka kjærleiken blir formidla så ærleg og så godt at vegen er kort både til latter og til tårar.

Forfattar Halfdan W. Freihow skriv ikkje heilt ulikt den verdskjende forfattaren Paulo Coelho, men der Coelho sine tankesprang kan opplevast som på grensa til noko svermerisk, klarar Freihow i hovudsak å halde vandringane av tankar jordnære, men likevel måleriske. Og sjølv om forfattaren hoppar i historia til det bortimot forvirrande, går ikkje dette utover den totale opplevinga av boka.

Det er ikkje ofte så mange lys går opp for ein i løpet av 175 sider, som det gjer i denne boka. Boka gjev innsikt, ikkje berre i livet med og til eit barn med «eit problem” som Gabriel sjølv beskriv diagnosen sin, men den gjer også lesarane bevisst på sider ved den menneskelege natur som ein ikkje har tenkt mykje over.

«Kjære Gabriel» er ei bok om det menneskelege og medmenneskelege, som ein verkeleg bør få med seg. Det vil gje eit godt og tiltrengt perspektiv i eit samfunn skissert etter  «menneske-spelet».


April 2006.