Magasinett

Utskrift

Film: Mission: Impossible III

Skrive av Brynjulf Jung Tjønn .

Faktisk heilt umulig:

Den tredje filmen i «Mission: Impossible»-serien er ein underhaldande og spennande actionfilm. Men totalt utruverdig.

Ein må aldri krevje at ein actionfilm skal vere truverdig, spesielt ikkje når actionhelten sitt oppdrag  er heilt umulig.

«Mission: Impossible III» er faktisk fullstendig utruverdig, og det meste som skjer kunne aldri ha hendt i røynda. Difor må ein sjå slike filmar på actionfilmar sine premissar: Dei skal vere underhaldande, spennande, utrulige, fantastiske, og – utruverdige.

J.J. Abrams debuterer som filmregissør med denne storfilmen. Ei formidabel oppgåve, men så er han også ein av dei nye yndlingane i Hollywood. Årsaka: Abrams står nemlig bak TV-suksessen «Lost». Difor er han blitt handplukka til å skrive manus og regissere ein av årets største filmar. Debuten er meir enn godkjent. «M:I:III» er ein knakande flott actionfilm, nesten på høgde med den første filmen, og langt betre enn toaren.

Tom Cruise spelar hovudrolla som den hemmelige agenten Ethan Hunt. Han har akkurat forlova seg med Julia (Michelle Monaghan). Men ho kan sjølvsagt ikkje få vite sanninga om Ethan sitt yrke. Så byrjar ho å ane muffens når han stadig vekk må på «forretningsreiser».

I oppdraget med å kidnappe den livsfarlige våpensmuglaren Owen Davian, spela av Oscar-vinnar Philip Seymour Hoffman, går det meste gale, og det endar med at Ethan opplever at hans livs kjærleik blir teken til fange. Ethan må deretter gjere opp for tabben sin. Davian krev at Ethan, på kort tid, klarer å finne «Harelabben», eit våpen kinopublikummet aldri heilt får vite kva er, slik at han kan redde skinnet til Julia.

Denne oppgåva er sjølvsagt heilt umulig å utføre. Men på halsbrekkande vis gjer Ethan og medhjelparane hans eit forsøk.

Det er mange utruverdige scener i denne filmen. Ei av dei kjem heilt til slutt, og kan sjølvsagt ikkje røpast. Men tida går sakte i «M:I:III». Sjølv om Ethan har dårlig tid, så kan han likevel bruke god tid, fordi sekundane går ikkje like fort som i røynda.

Difor er det litt frustrerande å heile tida  vere vitne til at han tar seg god tid til å kome med replikkar, til å tenke seg om, til å bevege seg frå den eine staden til den andre, og likevel klare å halde tidsfristane. Men slik er det med actionfilmar: Actionheltane kjem alltid fram – i tide.

Tom Cruise sitt privatliv har teke heilt av. Han hoppar i sofaen til Oprah og han kysser og klemmer på kjærasten Katie Holmes. I tillegg er han blitt far. Likevel er han framleis ein dyktig skodespelar. Nå treng ein kanskje ikkje så mye talent for å springe rundt og slå ned fiendar og skyte med pistol, men han spelar likevel rollen så intenst og samtidig kjenslevart, at det blir bra.

Det beste med «M:I:III» er at ein aldri veit kven som verkelig er fiende til Ethan. Kven er det han kan stole på? Kva er det som skjer? Kven trekkjer i trådane? Kven har overtaket? Plutselig må han arbeide mot sine eigne sjefar, plutselig tapar han masse tid.

Tempoet er høgt, filmen blir aldri kjedelig og tida i kinosalen – i motsetning til i filmen – går veldig raskt. Då får vi heller kunne leve med klissete kjærleiksscener, og at ein tar seg tid til å sei «I love you» sjølv om det bare er noen få sekundar før ein kan dø. Slikt går an i actionfilmar – enn kor lite truverdig det er.


Mai 2006.