Magasinett

Utskrift

Høyrespel: Vertshuset Jamaic

Skrive av Toyni Tobekk .

Spenning og romantikk:

Daphne du Maurier er mest kjend som forfattaren av boka Rebecca. Mange har latt seg rive med av historia om den unge bruda til Manderley og korleis ho måtte kjempa med spøkelset etter Manderleys første herskarinne. Vertshuset Jamaica er kanskje ikkje så mystisk som Rebecca, men vel så dramatisk er det i alle fall.

23 år gamle Mary Yellan er åleine i verda etter mora døyr, og ho må reise til morsyster si, Patience Merlyn. Tanta og onkelen, Joss Merlyn, driv eit vertshus, og Mary flyttar inn hjå dei.

Ganske fort oppdagar ho at ikkje alt er som det skal vere i vertshuset Jamaica. Onkelen er eit fordrukke råskinn, tanta er kua og engsteleg og vegrar seg for å sjå ektemannen sin som den bølla han er.

Mary prøver å halde seg klar onkelen sine lyssky affærar, men anten ho vil det eller ikkje blir ho snart dregen inn i både plyndring og mord.

Då ho treff bror til onkelen sin, den kriminelle, men svært så sjarmerande Jem Merlyn, får ho enno meir hovudbry. Den stolte og sjølvstendige Mary prøver så godt ho kan å ikkje falle for løgnaren og tjuven Jem. Men greier ho det?

Vertshuset Jamaica er eit fengande høyrespel som har dei gode ingrediensane: Her er dramatikk i rause porsjonar, persongalleriet er tydeleg og levande, dillemma er ikkje berre enkle og løysingane derfor heller ikkje berre forutsigbare. Nokre overraselsar dukkar og opp undervegs.

Høyrespelet er på nynorsk.


FAKTA:
Forfattaren Daphne du Maurier levde mellom 1907 og 1989. Ho budde i London, men dei fleste av bøkene hennar hadde historier som fann stad i Cornwall. Ho gav ut over førti bøker og fekk ordenen Dame of the British Empire for forfattarskapen sin i 1969.
Boka vart skriven i 1936 og filmatisert i 1939 med Alfred Hitchkock som regissør og med Maureen O'Hara (bildet) i rolla som Mary Yellan.