Magasinett

Utskrift

Film:X-Men

Skrive av Brynjulf Jung Tjønn .

Kunne vore betre:

Den siste «X-Men»-filmen kunne ha blitt ein flott film. Diverre vågar ikkje regissøren å pirke borti det som gjer vondt.

Det er noko urovekkande over handlinga i den siste «X-Men»-filmen «The last stand». Myndigheitene har funne ein kur som gjer mutante til vanlige menneske. Mange mutante står gjerne i timesvis for å motta denne kuren.

Å vere mutant er nemlig ikkje lett. Akkurat denne problemstillinga blir det diverre dvela for lite ved i filmen. I 105 minuttar er tempoet heseblesande høgt. Dei små, vare augneblinka, der kjensler er innblanda, druknar diverre i all støy og slåssing.

Men heldigvis er det enkelte tilløp, små scener, der vi verkeleg får føle på kroppen kor ille det er å vere mutant: I ei scene står ein ung gut i bar overkropp på badet, forsøker å høvle og skjære bort det som ein gong skal bli fuglevingar som veks ut av ryggen. Redsla for at faren skal oppdage at han er mutant er stor. Mekan sjå det i augene til guten, i kroppspråket; i sjølve handlinga, der han er villig til å påføre seg sjølv sterke smerter for å kunne tilpasse seg verda. Å vere normal.

Akkurat denne scena viser det store potensiale til «X-Men», men samtidig også det triste faktum: at dei har skusla bort potensialet og gjort den foreløpig siste filmen til ein rein actionfilm. For det ligg så mange kjensler, så mange tunge augneblink, som filmskaparane burde kunne fokusere meir på, og som kunne gjort «X-Men» til noko meir enn berre ordinær underhaldning.

For eksempel kunne dei gått djupare inn i historia til somme av dei mutante, slik som guten på badet. Ein burde gått meir inn i kjernen, rota litt i alt det grusomme, alt det fæle dei må oppleve når dei oppdagar at dei er annleis. Rett og slett pirke litt i det som gjer vondt.

Men «The Last Stand» er berre underhaldning. Historia er enkel, og regissøren har ikkje våga å pirke borti det som kunne gjort filmen meir vågal. I staden blir historia slik: Ei gruppe mutantar nekter å la seg kurere. Dei gjer myndigheitene til fiende, og vil slåss for sin eigen eksistens. Dei hevdar at regjeringa vil utrydde alle mutantar, og finn seg ikkje i at det å vere mutant er ein sjukdom. Opprøret endar med eit stort slag ved staden der kilda til kuren oppheld seg.

Menneska som er mutante har ulike evner. Somme er spesielt dyktige i kamp, andre meir intellektuelle med telepatiske styrker. Med desse enorme eigenskapane er det ikkje rart at dei mutante lett skal overvinne dei «vanlege» menneska. Ikkje minst når dei har eit usedvanlig sterkt våpen tilgjengeleg. Men heldigvis er det nokon mutante som skjønar at det ikkje lønar seg å gå til krig.

Det er mange fascinerande og spektakulere scener i filmen. Spesielt når dei opprørske mutantane riv laus Golden Gate-brua over San Francisco-bukta og nyttar den til å gå over til øya Alcatraz.

Men spesialeffektar kan alle som har nok pengar få til. Derimot ein actionfilm, fylt med fleire kjenslevare uaugneblink, som ville ha forsterka historia, må ein ha mot og talent til for å makte. Det er synd at regissør Brett Ratner ikkje har større ambisjonar. Eller dyktigheit. For dette kunne blitt ein veldig god film.

NB: Hugs å bli sitjande til rulleteksten er ferdig!


Mai 2006