Magasinett

Utskrift

Film: Sønner

Skrive av Brynjulf Jung Tjønn .

Sjeldant viktig:

Aftenpostens debatt- og kronikkredaktør Knut Olav Åmås hevdar at «Reprise» er årets viktigaste film. Det meiner eg er heilt feil.

I Aftenposten 9. september skriv den tidlegare Samtiden-redaktøren Knut Olav Åmås at «Reprise» er «årets vakreste og viktigste norske film, fordi den er så sterk i form og så refleksjonsskapende i innhold». Eg trur Åmås ville sagt noko heilt anna om han hadde venta med slike sterke påstandar til etter at «Sønner» hadde premiere førre helg.

For einkvar oppegåande person vil skjøna at årets viktigaste norske film er «Sønner». Debutfilmen til regissør Erik Richter Strand er sjeldant viktig, fordi den går rett inn i noko av det som er mest tabu her i verda: pedofili.

Men det er ikkje først og fremst temaet som gjer denne filmen viktig. Å lage film om pedofili kunne fort ha enda i ein forsiktig film, med overgeneraliserte rollefigurar, overpolerte handlingssituasjonar og kanskje pinleg ufrivilleg komikk. Det er fort gjort å ha for mykje respekt for eit tabu, slik at ein ikkje klarer å gjere det truverdig nok, fordi ein er for redd for å pirke borti det ekle.

Heldigvis har ikkje Erik Richter Strand gått i den fella. Han har vore modig. Han har følgd sin eigen veg, si eiga linje. «Sønner» er truverdig. Den er sterk. Den er ekkel. Den er fantastisk god.

Sjølve handlinga går tidvis føre seg i ein symjehall. Lars (spela av Nils Jørgen «Jøgge» Kaalstad) er badevakt og ikkje heilt nøgd med livet. Ein dag oppdagar han Hans, ein gamal kjenning, og får mistanke om at Hans lokkar med seg unge tenåringsgutar heim frå symjehallen. Men ingen trur på Lars. Difor går Lars til kamp mot Hans på eiga hand.

Spesielt måten pedofile Hans (dyktig spela av Henrik Mestad) blir framstilt på. I staden for å oppleve ein pedofil mann som oppfører seg som ein sjuk og gal person, framstår Hans som ein omsorgsfull farsperson for gutane han forgrip seg på. Han er langt frå usympatisk. Og det kjennes rart å få «bli med inn» i leilegheita til Hans, ei heilt vanleg leilegheit, der han lagar mat til «offeret» sitt og passar på at guten har det bra. På denne måten får den pedofile eit menneskeleg ansikt. Og når Hans blir konfrontert med overgrepa sine, så skjønar vi at dette ikkje er noe han gjer for å skada barna, men fordi han synest det er naturleg i sitt eige hovud. Sjølv om ikkje Hans framstår som sjuk, så skjønar publikum at han er sjuk.

Dette viser at filmskaparane ynskjer å lage ein film som ikkje først og fremst skal henge ut dei pedofile til spott og spe, men for å vise røynda, det som verkeleg skjer. Dette blir ekstra understreka av sterke og realistiske pornografiske bilete (som gjer at Medietilsynet ikkje rår nokon under 11 år å sjå denne filmen).

I tillegg er «Sønner» viktig fordi den viser kor lett unge gutar, utan nok omsorg, utan farspersonar, lett kan bli offer for pedofile. Det skal ikkje så mykje til. Barn treng omsorg, dei treng å bli sett, å bli høyrt og å føle tryggleik. Difor fortel «Sønner» også at det er viktig å sjå litt ekstra rundt seg, passe på at ingen fell utanfor, at vi alle må vere litt vakne.

Pedofili er eit uhyre vanskeleg tema. Vi tykkjer alle at det er ekkelt, grusomt og forferdeleg. Å lage film om dette emnet når ein veit at publikum har denne haldninga til pedofili, gjer at ein har eit vanskeleg utgangspunkt. Ein må tore å vise fram det ekle. Ein må tore å gå inn i kjernen, slik at det blir truverdig, og ikkje platt. Og ein må sjølv kunne tåle mykje, både ekle bilete og grusomme historier.

På denne måten har Richter Strand klart å lage ein film som gjer at folk forstår litt meir – om kor lett det er for barn å bli eit offer, og at ein må handle, raskt, slik at ikkje fleire går i same fella.

Etter å ha sett «Sønner» er eg ikkje i tvil om at dette er årets viktigaste film.