Magasinett

Utskrift

Bok: Babylon badlands

Skrive av Toyni Tobekk .

Lang tur:

Levi Henriksen fekk Bokhandlarprisen for «Snø vil falle over snø som har falt» i 2004. I haust kom roman nummer to frå Henriksens penn.

«Babylon badlands» dreier seg om tre godt vaksne kompisar, Håkon, Fritdjof og eg-personen Adam, som er på biltur i Amerika. Dei reiser alle frå eit liv som anten har utvikla seg i feil retning eller som ikkje har fått utvikla seg i det heile tatt.

Med mål i sikte
Innleiingsvis blir Golden Gate-brua i San Francisco singla ut som endepunktet for Amerikareisa, utan at dei tre eigentleg har bestemt kva for ein veg som skal gå dit. Eller om det vil bli naudsynt å reise til den raude brua. Ting kan skje undervegs.

Og det gjer det, i fullt mon. Håkon, Fridtjof og Adam møter fleire skikkelsar på si reis som er med og bremsar ferda mot avgrunnen. Dei råkar og på eit Amerika som har heile og halve menneske, kor det er minst like mykje skugge som sol og kor folk snakkar med store ord.

Skeive folk
Som i tidlegare bøker er det folket på sida Henriksen skriv om. Ikkje dei som har meldt seg heilt ut av samfunnet, nødvendigvis, men i alle fall slike som heller ikkje deltek, som ikkje stikk seg ut, men slike som haltar seg gjennom dagane utan å kome verken fram eller tilbake.

Som lesar var eg veldig begeistra for novellesamlingane «Feber» og «Ned, Ned , Ned» og eg tykte og at overgangen frå noveller til roman gjekk på skinner. Dessverre blir «Babylon badlands» ikkje ein roman som begeistrar. Eg får rett og slett ikkje sympati med personane, og dei forblir skrivne karakterar i ei bok.

Det skjer også på mange vis både for mykje og for lite i romanen til at han står løpet ut. Første halvdel av boka ventar og ventar eg på at noko skal skje, at historia skal ta ei retning. Andre halvdel av boka ergrar eg meg over at det spriker i for mange retningar.

Blir kanskje film
No ser eg på bloggen til Henriksen at han har skrive under på filmrettane til boka, og ein liten trailer er lagt ut på nett for den som ønskjer å sjå korleis det kan bli.

Kanskje kan Adam, Håkon og Fridtjof kome meir til sin rett på eit kinolerret? Det skal ikkje eg meine noko om, eg håper berre at Levi Henriksen kjem tilbake i det korte, melankolske og småartige formatet kor han etter mi meining gjer seg best.

September 2006.