Magasinett

Utskrift

Bok: Forfølgeren

Skrive av Toyni Tobekk .

Exit Emily, Malin og Erika:

Ei ung jente lever eit tilsynelatande vanleg i liv i ein mindre svensk by. Men einkvan lurer i kulissene og følgjer med i livet til hennar – utan at ho veit det sjølv. Så ein dag er jenta borte.

I «Forfølgeren» treffer me 17 år gamle Malin og miljøet rundt ho:  Ho har tidlegare vore kjærast med Jocke, ein fyr med hang til både kriminalitet og rus, men no er ho i eit mykje meir stabilt og ekte forhold med jusstudenten Adnan.

På heimebane er mora til Malin alvorleg sjuk og treng konstant pleie, og Malin og far hennar gjer så godt dei kan.

Samstundes finst det ein person i skuggane, ein som følgjer etter Malin og overvakar henne utan at ho veit det. Kva er det skuggepersonen med hettegenseren eigentleg vil?

«Da han reiste seg, fikk han øye på pleieren i kassakøen. Hun kastet et flyktig blikk i hans retning, men han snudde ansiktet fort bort. Med en økende følelse av ubehag i magen, skyndte han seg mot vestibylen. Flaks at han hadde dratt opp hetten på jakken. Hun ville aldri kunne peke ham ut.»

Då Malin brått og uforklarleg forsvinn, rasar verda saman for dei som står ho nær. For nokon blir likevel forsvinninga hennar ein del av eit større bilete. For åtte år sidan forsvann nemleg ei anna jente, med same utsjånad og alder som Malin, og ho dukka aldri opp igjen. Når så ei tredje ungjente blir borte på mystisk vis, byrjar ein å ane at det kan vere ein samanheng mellom desse tre. Men kven er bindeleddet?

«Forfølgeren» er først og fremst ein thriller, sjølv om det er ein god del romantikk og kvardagsrealisme ute og går i boka.

«Forsiktig løftet hun av kroken og åpnet badedøren. Til venstre lå stuen, der tv-en tjatret. Til høyre, kjøkkenet. Hun listet seg dit. Tomt. Blikket hennes falt på haglen. Den så kraftig og farlig ut. Hun lurte på hvordan det ville være å skyte med den.»

Dei unge hovudpersonane i denne boka får prøvd seg i både krig og kjærleik, og det er tidvis skikkeleg spennande. Det blir litt som å sjå på ein skrekkfilm: Du skjønar at jenta er i fare, du får lyst til å skrike ut og åtvare ho,  men ho skjønar sjølvsagt ikkje alvoret sjølv, før det er for seint.

Boka blir fortalt frå ulike synsvinklar, det er snart den eine, snart den andre sine stemmer som får sleppe til. Det funkar fint og gjer at me kjem litt under huda på dei alle. Heldigvis har og forfattaren vore klok og ikkje late seg freiste til å gjere karakterane sine anten snille eller slemme. Det gjer både at det er muleg å tru på denne boka, og at du aldri er heilt sikker på kven du skal vere redd for på vegner av jentene. Medrivande, spennande og fint fortald av ein av Sveriges mest populære ungdomsforfattarar.

27. oktober 2006.