Magasinett

Utskrift

Bok: Ingenting

Skrive av Ida Ljønes .

Om kampen for det som er viktig

I blant dukkar det opp historier som verkeleg overraskar ein. «Ingenting» av Janne Teller er ei slik historie. Etter ein uskuldig start tek historia deg med inn i ei hendingsutvikling som i starten underhalder med sine overraskande vendingar, men som vidare går frå å vere underhaldande til reint uhyggeleg.

«Ingenting» er forteljinga om korleis ein dansk sjuandeklasse bestemmer seg for å vise at livet og tilveret ikkje er meiningslaust. Klassekameraten Pierre Anthon slutar på skulen fordi han meiner at ingenting tyder noko, og derfor er det ikkje vits å gjere noko. Klassen bryr seg ikkje mykje om avhoppet, men Pierre Anthon krev merksemd ved at han sit i eit plommetre og kastar plommer på klassekameratane medan han høgt og hånleg påpeikar kor meiningslaust tilveret deira er. Klassa ser seg fort lei på kastinga og håninga, og avgjer at dei må gjere noko med problemet. Dei finn ut at einaste løysing er å motbevise Pierre Anthon sin teori om at ingenting tyder noko, og dei bestemmer seg for å samle saman ting som tyder noko for dei til ein «haug av betydning». I byrjinga samlar dei saman ting som dei læst har betydning for dei. Men dei innser snart at Pierre Anthon ville avdekkje at tingane er meiningslause, så dei avgjer at einaste utveg er å samle ein haug med ting av reell betydning for å bevege han ned frå treet. Denne avgjeringa skal bli deira ulykke.

Ein etter ein blir dei utfordra på ting dei må ofre til Haugen, men når den enkelte så har gitt ifrå seg sitt offer, er det deira tur til å avgjere kva nestemann må gje ifrå seg. Klassekammeratane tvingar kvarandre inn i ein vond og vondsinna sirkel, som gong etter gong sprengjer nye grenser. Påfunna blir vondare for kvart eit ledd, men ingen avslørar klassa før sistemann har gjeve sitt bidrag og «haugen av betydning» er fullført.

Dei er klar for å vise Haugen til Pierre Anthon, men til deira store sorg er han overhodet ikkje interresert. Då bestemmer dei seg for å tipse pressa, som etterkvart gjer saka mykje merksamd; «haugen av betydning» blir verdskjend. Straffa som klassa fekk for den uvanlege «innsamlinga» vik for lovprising frå kunstnarar og kunstkritikarar verda over. «Haugen av betydning» blir kunst, han blir stuerein og han blir sann. Men kva skjer når merksemda så tek slutt? Og kva kan konsekvensane bli for ein som vanvørder betydning og meining for sine medmenneske?

Forfattaren bak «Ingenting», Janne Teller, er svært populær i heimlandet Danmark, der ho har vunne ei rekke prisar for bøkene sine. «Ingenting» har ei særstilling i danske ungdomsskular, og det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor. Sjølve historia er originalt kome på i all si uhygge. Gong på gong blir ein slått av kor motbydeleg påfunna til klassekameratane er, slik at ein til tider kan sjå det som naudsynt å ta ei pause frå heile forteljinga. Ho er samstundes så engasjerande at ein knapt kan få ho ut av hovudet. Påfunna er av så ymse karakter at dei aller fleste vil føle seg støtt, anten du er kristen, muslim, dyreven, feminist eller berre oppteke av menneskeverd. Boka er i høg grad ei filosofisk bok. På eit underfundig vis tek ho opp elementære spørsmål for eit menneske, som spørsmålet om kva som har betydning, og kven som avgjer kva som har betydning; er det samfunnet og media? Kva er kunst, og kor langt kan ein gå i kunsten sitt namn? Og korleis kan ein byggje opp igjen si eige betydning etter å ha utlevert -og mista - ho? Dette er store ting å tenkje på for unge menneske, men unge menneske tenkjer på store ting. Ein kan sjå at forfattaren har god kjennskap til ungdom. Men stundom vil ein kan hende spørje seg om ho ikkje overvurderar somme trekk ved dei, til dømes verker språket deira no og da å vere noko vaksent for trettenåringar.

Teller har ein særeigen forteljerstil. Ho er oppfinnsom og original, med ei dugande evne til å overraske lesaren. Somme gonger kunne ein samanlikne forteljinga med enkle barnebøker i oppsett, men like etter slår ho til med eit alvor på line med tunge klassikarar.

Ho leiker med ord, ordsamansetjing og setningsoppbyggjing. Dette er med på å gjere historia til den ho er, og det gjer karakterane truverdige.

Likevel skulle ein ønskje at forfattaren kunne tatt seg litt betre tid i innleiinga av historia, til å presentere hovudpersonen, klassekameratane og sin eigen skrivestil. Dette krev merksemd og tilvenjingstid.

Men at ho treng litt meir plass berre understrekar at Janne Teller er ein spanande forfatter.

«Ingenting» er og i høgste grad ei spanande bok, som fortener like stor merksemd frå ungdom i Noreg som ho har fått i heimlandet.

3. november 2006.