Magasinett

Utskrift

Bok: Alt som er

Skrive av Guro Kristine Haug, ung lesar .

«Alt som er» er ei slektshistorie som i tre generasjonar følgjer familien Storm – Eriksen. Her får me lese om livet til unge Mariann, foreldra hennar Leif og Maria og morfaren Lluis.

Hovudpersonen er Mariann, ei ung kvinne som ikkje heilt greier å finne seg til rette i livet. Ho finn kjærleiken hos Endre, som ho møter på reise i Australia. Men forholdet deira blir alt anna enn enkelt. Likevel viser det seg at kjærleiken sigrar til slutt.

Historia om Mariann og Endre er ei ulukkeleg kjærleikshistorie med ein lukkeleg slutt.

Problemstillinga er typisk: Ei kvinne og ein mann som ikkje kan få kvarande. Men som kjend overvinn kjærleiken alt og etter mykje turbulens får dei kvarandre til slutt. Historia minner mistenkjeleg om ein klisjé. Likevel er historia spennande å lese. Vil dei to få kvarandre eller ikkje? Sjølv om ein inst inne veit at dei to får kvarandre til slutt, vil ein også vite korleis det går til. Både Mariann og den andre kjærasten til Endre blir gravide på same tid, men Endre veit ikkje om Marianns graviditet. Dette er eit viktig spenningsmoment. Kven vil få Endre? Det kan verke som om Mariann har tapt. Ho er uheldig og opplever ein spontanabort. Ho taper både barnet og Endre, men kjærleiken dei to har for kvarandre er for sterk til at dei kan bryte fullstendig.

Faren til Mariann, Leif, finn kjærleiken i Barcelona i Spania. Han og spanske Maria flyttar til Noreg og får tre velskapte ungar. Men sjølv om dei to elskar kvarandre, går ekteskapet snart i grus. Leif håpar han kan greie å redde ekteskapet, men så døyr Maria.

Historia om Leif og Maria er både ei vakker kjærleikshistorie – og ein tragedie. Deira historie er ei vakker kjærleikshistorie, fordi kjærleiken kjem i første rekkje. Nasjonale og kulturelle forskjellar betyr ikkje noko for dei to. Alt som betyr noko er kjærleiken. Men så viser det seg at Maria ikkje finn seg til rette i det kalde nord. Leif finn seg ikkje til rette i ekteskapet. At Maria døyr når forholda er på sitt verste, gjer det til ei tragisk historie. Det er trist å lese om Leif, som angrar seg fordi han var utru med ein kvinneleg kollega. Han fekk aldri mogelegheita til å gjere det godt igjen, og Maria fekk aldri moglegheita til å tilgi ektemannen.

Lluis, Marianns morfar, hadde to kvinner i livet sitt, og måtte velje mellom ei av dei.
Han er på reise i Marokko, og her treff han ei vakker marokkansk jente. Lluis elskar denne jenta høgt, men kan ikkje svikte kjærasten han har heime i Spania. Lluis angrar seinare på at han ikkje valde kjærleiken framfor fornufta.

Historia om Lluis er trist. Han vel fornufta framfor kjærleiken, og angrar seg etterpå. Kjærleiken er aldri enkel, og det illustrerer denne historia.

Dei tre historiene om familien Storm – Eriksen har mange likskapar. Dei handlar alle om både lukkeleg  og ulukkeleg kjærleik. Forholdet mellom Mariann og Endre, Leif og Maria og Lluis og den marokkanske jenta osar alle av lukke og kjærleik – men så går noko gale. Fornufta er i to av tilfella årsaka til all ulukka. Endre må ta til takke med den gravide kjærasten, mens Lluis må reise heim til den spanske kjærasten. Feil forventingar er problemet i forholdet til Leif og Maria. Leif trur at Maria vil elske snøen, den norske fjellheimen og den norske kulturen, men der tek han feil. Maria har ingen spesielle forventningar til Noreg. Ho ofrar seg for kjærleiken. Det er Leif ho vil vere saman med, same kor i verda dei endar opp. Kjærleiken ho kan gi er dessverre ikkje nok, for verken ho eller Leif ser ut til å tilpasse seg i forholdet når dei kjem til det kalde nord.

Det er eit poeng at det berre er ei av historiene som endar slik ho skal ende – nemleg lukkeleg. Mariann og Endre er dei einaste som får kvarandre fullt og heilt. Dei har trossa alle hindringar og funne ut at kjærleiken alltid må komme i første rekkje. Dei tidlegare generasjonane i familien Storm – Eriksen har noko å lære av det. Sjølv om forholda ikkje alltid ligg til rette for at kjærleiken kan få leve fullt ut, burde ein likevel la han få den største plassen. Lluis val fornufta, Maria gav opp, mens Leif var for svak til å hjelpe kona si. Dei skulle ha gjort det motsette, nemleg kjempa for kjærleiken, same kor svulstig det kan høyrast ut. Det var nettopp det som gjorde Mariann og Endre lukkelege. Å velje kjærleiken var ikkje det lettaste alternativet, tvert om. Men dei blei lukkelege, og er ikkje lukke det mest fundamentale å oppnå i livet?


Språket i romanen er lett og forståeleg. Ein tenkjer lite over at det faktisk er nynorsk ein les. I starten av kvart kapittel har forfattaren lagt til nokre poetiske korte innleiingar som skal fortelje noko om historia som kjem. Desse innleiingane er overflødige og unødvendige. Dei er slettes ikkje lette å forstå, og dei er i grunnen ganske keisame å lese. Det er merkeleg at forfattaren viser ein slik «stil» i denne romanen, når alt det andre ho skriv er så konkret og forståeleg.

«Alt som er» er ei samling av tre kjærleikshistorier, som er lukkelege og triste på same tid. Dei framhevar kor vanskeleg kjærleiken kan vere, men også kor flott han kan vere. Sjølv om kjærleik er eit tema det er skrive mykje om frå før, synest eg absolutt dette er ei god bok. Ho er spennande og har mange overraskingar undervegs. Samtidig gir ho viktig lærdom. Kjærleiken vil aldri berre representere lukke, kjærleiken er vel så vanskeleg som han kan vere lukkeleg.

11. januar 2007.