Magasinett

Utskrift

Bok: Postmannen og Pablo Neruda – eller Brennende tålmodighet

Skrive av Ida Ljønes .

«Postmannen og Pablo Neruda – eller Brennende tålmodighet» er ei lita forteljing med sterke historiske referansar frå ei lita øy i Chile, utspelt i åra Salvador Allende var Chilensk president frå 1970 til 1973. Ho blei fyrste gong utgjeve i 1986, men er nett kome ut i nytt opplag frå Den norske Bokklubben.

Forteljinga sin hovudperson er fiskarsonen Mario Jimènes. Til faren sin store
irritasjon er ikkje Mario nokon dugeleg fiskar, og han sluntrar ofte unna fiskarjobben med faren. Guten sin slappe arbeidsmoral endrar seg betrakteleg når han slutar i fiskarjobben og startar som postmann. Den einaste husstanden han har på ruta si tilhøyrer øyas store son, diktaren Pablo Neruda. Forholdet dei mellom ber preg av Mario si store og barnlege beundring for diktaren. Men ut frå dette utviklar dei likevel ein slags venskap. Utfallet kjem når Mario forelskar seg inderleg i den vakre barjenta Betrize, og han søkjer hjelp hos Neruda for å få henne. Med hjelp frå diktaren, og ikkje minst med hjelp frå diktaren sin vakre poesi og sine mange metaforar, blir det gjensidig kjærleik og bryllaup, til trass for voldsomme motsettingar frå mor til Beatrize. Kvardagslivet til den nye familien på øya blir prega av Mario sin fascinasjon av Neruda, av politikk og innsettinga av Salvador Allende som president, men også av store politiske og kvardagslege omveltingar som kjem under den sosialistiske presidenten, og til slutt omveltingane i kjølvatnet av kuppet og drapet på Allende.


Forfattar Antonio Skàrmeta har skrive ei god historie som tidvis er svært morosam. I prologen og epilogen skriv forfattaren sjølv og sett standaren med bruk av faktisk historie, alvor og ein god dose sjølvironi i ein slags dialog med lesarane sine. Mange av verkemidla i historia er lik dei som brukast i tradisjonelle komediar, med særs heldige utfall. Forteljinga om Mario og helten hans, diktaren, kan synest å ha eit preg av sydlandsk temperament. Særskild mange av dialogane har tempo, humor og bruk av overdriving som minnar om filmar som til dømes «Den fabelaktige Amelie fra Montmartre» og «Cinema Paradiso». Ein diskusjon mellom Beatrize og mora er eit godt døme på dette. Med metaforar, ordtak og overdrivingar formanar mora Beatrize om å ligge unna fiskarsonen Mario, som gjer kur på dottera utelukkande med hjelp frå dikt av Pablo Neruda; «Hør her, jenta mi. Elvene fører med seg steiner, og ord fører med seg graviditet.(...) Tror du ikke jeg vet at mannfolk blir poetiske helt inn i leveren når de blir kåte nok?»

Reint forteljingsmessig skriv forfattaren godt. Eit par gongar er han nær å falle i ei «poetisk-suppe-felle» han i historia synast å ville tilegne Mario sine fyrste forsøk på dikting. Men han reddar seg ved at han samstundes kan gjere narr av det pompøse og romantiske.

Eit anna verkemiddel det kan sjå ut til at forfattaren tar med seg frå komedien er å skape stereotype karakter. Det gjeld den sure svigermora, skjøne Beatrize, og ikkje minst hovudpersonen Mario som er ein enkel fyr, og som heilt ukritisk gjer diktaren Neruba sine ord til sin lov. Dette fungerer fint så lenge handlinga i forteljinga har eit komisk preg. Kan hende fungerar det spesielt fordi forfattaren vernar om karakterane sine, så vel som han latterleggjer dei, eksempelvis i skildringane av Mario. Men når forfattaren, særs mot sluten av boka, legg seg på ei relativt alvorleg og politisk line, får han eit problem med å gjere karakterane truverdege. Det er synd, for alvoret var i utgangspunktet kjærkomen i all komedien. Eit anna negativt element ved karakterane er at dei rett og slett kan bli for mange. Det er ikkje heilt lett å halde styr på kven som er kven av alle bipersonane, eller kven som heiter kva.

At forteljinga ligg opp mot faktisk historie fungerar i utgangspunktet godt, og det gjer ho lettare å leve seg inn i. Aberet er at historia kan synast noko datostempla når ho krev historiekunnskap. Ein kan få ei kjensle av at ein hadde forstått noko meir, og særleg av avslutninga, om ein hadde hatt betre kunnskap om chilensk historie. Slikt kan det diverre ikkje bli ein klassikar av.

«Postmannen og Pablo Neruda - eller Brennende Tålmodighet» er likevel ei fin forteljing, som med humor og alvor fortel om eit lite samfunn i stor endring, og om ein enkel fiskarson si erobring av prinsessa og trua på seg sjølv, gjennom eit heilt spesielt venskap med ein heilt spesiell diktar.

25. januar 2007.