Magasinett

Utskrift

Bok: Alkymisten

Skrive av Lene Langeland, ung lesar .

”Når du verkeleg ynskjer deg noko,
vil heile universet arbeida
for at ynsket ditt skal bli oppfylt.”


Alkymisten er den magiske historia om den andalusiske guten Santiago som valde å trasse foreldra sitt ønske, og blei gjetargut for å få oppleve mest mogleg av verda.

Ei natt har han denne underlege draumen om ein skatt blant pyramidane i Egypt, og han bestemmer seg for å gå til ein draumetydar.


Draumetydaren fortel at draumen til Santiago snakkar verdas språk, og er slett ikkje noko lett å tyde.


Men draumen tyder altså dette: Santiago må reise til pyramidane i Egypt. Der vil han finne ein skatt som vil gjera han svært rik.


Vrøvl! Tenkjer Santiago mens han går nokså ergeleg ut til marknaden igjen.
Men han skiftar straks meining når han treff denne underlege mannen i parken.

Frå heimen sin i Spania sel han sauene sine, og kjem seg over til Afrika der mange farar truar.

Etter å ha jobba i ein glasbutikk ei stund reiser han frå markedanane i Tanger, og ut i ørkenen på leit etter den ukjende skatten.

Under dei langstrekte sanddynene truar nye farar. Lukta av krig ligg og ulmar i lufta. Men også ei duft som er nokså ukjend for Santiago. Dufta av ørkenkvinne, den søte angen av kjærleik?

Tida i ørkenen sniglar seg av stades.
Og for kvar dag som går blir draumen til Santiago bleikare og bleikare.

Men så, under nokså spesielle omstende treff Santiago på Alkymisten som på nytt bles liv i draumen om den ukjente skatten.

Historia om Santiago lærer oss den viktegaste av alle visdommar: å lytta til hjarta, å ikkje gi opp sjølv kor mørkt det måtte sjå ut, og sist men ikkje minst å følgja sine draumar.

Alkymisten er ei vakker bok om magi, drøymer og dei skattane me leitar etter som ofte er nærare enn me først trur. Boka er ein draum for folk som er glad i poesi og gode visdomsord.

Alkymisten er ei sjeldan fin blanding av poesi, visdomsord og magi.
Med ei uforgløymeleg god forteljarkunst av Paulo Coelho.
Derfor er det ikkje overraskande at Alkymisten er ei av vår tids mest selde bøker, omsett til 56 språk og utgitt i 156 land.

Skal eg vere heilt ærleg, så tykkjer eg nokon gonger det blei litt for mykje av magi i boka. Noko som kanskje øydelegg litt for mange av dei fantastiske visdomsorda til Paulo Coelho.

Men elles er dette absolutt ei bok som eg vil anbefale for menneske som likar å drøyme seg litt bort frå den elles så regnværssure kvardagen.


 
20. februar 2007