Magasinett

Utskrift

Bok: Mellom oss sagt

Skrive av Guro Kristine Haug, ung lesar .

«Mellom oss sagt» er ei historie om ei kvinne som prøver å finne seg til rette i livet både i forhold til venner, familie og jobb. Men det skal vise seg å vere alt anna enn enkelt, sjølv for ei kvinne som er langt over tretti.

Regine Hansen er 35 år gammal, bur i Bergen og arbeider som saksbehandlar i Aetat. Ho er singel og bur i ei eiga leilegheit utanfor sentrum. Regine har mange venner og ein god jobb, men ho er ikkje heilt nøgd med livet. Ho lengtar etter kjærleiken, og ho drøymer om ein ny jobb. Vennene hennar finn seg kjærastar og tenkjer på barn og familieliv, mens Regine tenkjer tilbake på studietida og kor enkelt alt var då.

Regine er forvirra. Ho har jobb og eigen heim, venner og familie som bryr seg om henne. Men når vennene begynner å tenkje på ekteskap og barn, føler Regine seg alt anna enn med i selskapet.  Regine blir invitert til disputasfesten til studiekameraten Vebjørn. Her blir ho kyssa av Vebjørn, og etter dette kysset klarer ho ikkje å tenkje på anna. Kan det bli noko meir mellom Regine og Vebjørn, trass i at Vebjørn allereie har ein kjærast? Så kjem Sivert, ein mann Regine treff på bar og ligg med same kvelden. Samtidig tenkjer ho tilbake på forholdet ho hadde til Martin, ein kjærast ho hadde i studietida.

Med tre forskjellige menn i tankane blir Regine forvirra. Vil Vebjørn ha henne eller ikkje? Kva med Sivert, var det berre for moro eller betydde det noko meir? Og kvifor slo ho opp med Martin? Det er difor ikkje rart at Regine oppfører seg litt merkeleg til tider, for eksempel låser ho seg inne på do når ho er på visning i ei flott leilegheit i sentrum. Dette gjer ho når ho får sjå  at Vebjørn og kjærasten hans også er på visning i den same leilegheita.  Denne delen av romanen illustrerer kor forvirrande kjærleiken kan vere. Ofte kan ein ikkje vere sikker på om det verkeleg er kjærleik eller ikkje, slik som det er i Regines historie. Dette blir truverdig skildra. Det kjem klart fram at desse forholda tærer på Regine, slik at ho ofte gjer ting ho ikkje tenkjer så mykje over før det er for seint. For eksempel ligg ho med Sivert, ein mann ho knapt kjenner. Ho var full og usikker, og dagen etter lurar ho på om det var det rette å gi seg sjølv bort til ein mann ho eigentleg ikkje tykkjer så mykje om.

Regine har lenge jobba i Aetat, og ønskjer seg ein ny jobb. Men det er ikkje enkelt. I staden har ho eit håp om å stige i gradene hos Aetat, men er ho flink nok til det? Det er nok av folk i Aetat som har det slik som Regine, overstuderte kvinner og menn i trettiåra som ikkje har summa seg til å finne noko anna å drive med. Regine vil gjerne gå eit steg vidare, men det er ikkje så lett når ein eigentleg ikkje veit kva ein vil.

Mange vil nok kjenne seg igjen i situasjonen til Regine. Ho ønskjer nye utfordringar i arbeidet, problemet er berre at ho ikkje veit heilt kva anna som kunne passe henne. Men ofte er det ikkje så vanskeleg som ein skulle tro. Regine likar nemleg veldig godt å gå på visingar, gamle og nye hus og leilegheiter fascinerer henne. Denne interessa blir avgjerande for kva ho tek seg til vidare.

Regine føler dessutan presset frå familien. Søstera hennar har mann og barn, og er den perfekte husmora. Ho forstår seg ikkje på Regine, at ho ikkje kan finne seg ein mann og vere slik som andre folk. Det same tenkjer mora, som er oppgitt over dottera som bur aleine og sit på bar kvar kveld. Familien vil berre det beste for Regine, men i staden fører den velmeinande kritikken deira til at Regine trekkjer seg unna. Mora vil så gjerne at Regine skal feire jul med familien, men Regine avviser familien og vil helst ikkje snakke med dei.

Eg trur nok at vaksne, så vel som ungdom, ofte kan føle eit press frå foreldra og familien. Ein vil ikkje skuffe dei. Men det er ikkje alltid sånn at ein kan vere akkurat slik foreldra ønskjer det. Regine verkar kald overfor foreldra og søstera. Dette er nok fordi ho inst inne er veldig glad i dei, og ikkje ønskjer å skuffe dei. Ho vil at dei skal vere stolte av henne, men når ho ikkje heilt får det til, blir ho frustrert og trøytt av alt maset frå familiemedlemma. Alle har nok hatt liknande kjensler. «Mellom oss sagt» skildrar eit slikt forhold veldig godt, og er dessutan realistisk, spesielt med tanke på den tida vi lever i. Fleire og fleire kvinner bur aleine og er einslige, slik som Regine.

«Mellom oss sagt» er den skjønnlitterære debuten til Marit Eikemo. Ho er utdanna journalist, kjem frå Odda, men bur i Bergen. Det er tydeleg at ho kjenner byen ut og inn. Boka inneheld mange namn på stader og gater som finst i Bergen by. For ein som er kjend i byen kan det nok vere ekstra moro å lese.

Språket i romanen er konkret og enkelt. Her legg ikkje forfattaren opp til masse symbolikk, sjølv om det finst nokre eksempel på det òg. Eit eksempel er då Regine har mista jobben og ikkje veit kva ho skal gjere: «Eg kunne høyre lyden av dører som small bak meg.»  Eksemplet viser at Regine er utan håp. Ho veit ikkje kva ho skal ta seg til, for kva skal ho gjere når ho er arbeidslaus og sårt treng pengar? Regine likar å skrive tekstmeldingar, og utdrag frå desse meldingane finst det ein del av i boka. Romanen er elles prega av eit moderne språk, der engelske uttrykk lurar seg inn i den munnlege talen til folka i historia. Ord som «anyway» blir hyppig brukt.

Regine kan nesten verke som den norske versjonen av Bridget Jones, men eg synest ikkje «Mellom oss sagt» kan kallast norsk «chick – lit» eller jentelitteratur. Romanen er til tider morosam og Regine har mange likskapar med Bridget. Men boka er relativt seriøs i forma, og er nok ikkje meint som pur underhaldning. Eg trur Eikemo i staden prøver å vise kor vanskeleg det kan vere å finne seg til rette i livet for ei  moderne ung kvinne. Forfattaren gir ei god skildring av slik mange kvinner kan tenkast å ha det i dagens Noreg. Kvinner i dag er dyktige, har studert og fått seg eit godt arbeid. Likevel kan det for mange vere vanskeleg å finne seg til rette i livet slik at alle forventingar, både frå venner, samfunnet og familien, blir oppfylte. Regine er ei kvinne som prøver hardt, men som ikkje heilt får det til. Ho er usikker og ho er forvirra, og ho lev eit utsvevande liv i håp om at ting skal endre seg. Regines historie blir difor ikkje berre ei nokså seriøs og truverdig historie, men også ei historie om kor mykje merkeleg me menneske kan få oss til å gjere når me ikkje heilt veit kva me vil med liva våre.

09. mars 2007.