Magasinett

Utskrift

Bok: 16 & sex

Skrive av Lene Langeland, ung lesar .

Når du først byrjar å lese boka 16 & sex verkar det som om nettopp sex er den einaste handlinga i boka. Noko som kanskje seier at dette er ei bok for ungdom, som dei fleste vaksne ville rista på hovudet av.

Det er nok også rett at få vaksne ville orka å fullføra bokas første kapittel som gir forventningar om eit spanande innhald for ungdommane. Her fantaserar dei unge hovudpersonane om å liggja med gamle damer som har hatt slag, og dette er berre ein av fleire unemnelege fantasiane.

Sprengjer tabu

Så det er altså to moglegheitar: Enten er dette ein skikkeleg tabusprengjande bok med mykje god handling, eller berre ei vanleg bok med ville gutefantasiar som eigentleg skjular falskt mot og vanlege tenåringsfakter.

Då eg hadde lese boka blei eg ikkje heilt einig med meg sjølv om kva eg syntest. Boka var ikkje så tabusprengjande som eg hadde håpa på, men den var heller inga vanleg bok som skjula falskt mot og vanlege tenåringsfakter. Etter fleire perverse kapittel skjula faktisk boka ei svært så engasjerande forteljing.

Litt om kvar person:

Les boka og døm sjølve, her får dykk ei lita beskriving av kvar og ein som er med i boka:

Dino, som er hovudpersonen i boka, er ein skkkeleg fløtepus, som har draget på damene. Han er ein bevisst sjarmør, som nå føler seg klar for eit uforplikta sexliv-med fleire.
Samtidig får han sjokk over at mora har dei same tankane, og oppdager at ho er utro. Mora utrykkjer det på denne måten:

”Når det kjem til saker som har med hjarta å gjera,
er me ikkje meir enn 16 år nokon av oss.”

Dette er inga sak Dino tek lett på. Men alt tatt i betraktning lykkest han i å forføre ei jente, opplagt feil jente! I staden for å få meir sex blir han offer for ein liten hodjevel som nesten får lurt han i fengsel. Det straffar seg å vera utro...

Sex er heller ikkje ukomplisert for Dinos to kameratar, Ben og Jonathon, som også blir grusamt straffa for sine sexopplevingar.

Med Ben hender det som er alle gutars draum. Han er blitt forført av den finaste jenta på heile skulen … Lærerinna.

Første gang det hendte var under øving til skodespelet. Og det var slett ikkje siste gong det skulle hende heller. Hadde Ben visst korleis denne draumen skulle bli til eit helvete, hadde han kastrert seg augonblikkeleg.

Med Jonathon hender det som kanskje ikkje er alle gutars draum. Han forelskar seg i ei feit jente. Eller det vil seie, ho er ikkje feit, berre litt lubben. Og dessutan er det ikkje derfor han ikkje vil vera i saman med ho heller! Eller er det derfor? Debohra er jo berre nydeleg. Ikkje feit slik som Ben og Dino vil ha det til.

Den mørke hemmelegheita han ber på gjer ikkje saka lettare heller. Han mistenkjer at han har kreft. Og ikkje ein kvar som helst stad heller!
16 & sex handlar om ein god del vanskelegheitar, og dei to kvinnelege hevnarane Zoë og Ali spelar ei viktig rolle i boka, med sine store sans for dramatikk.

Litt gammaldags tankegang?

Gutar er som kjend ikkje opptekne av kjærleik, men av porno, så dette er derfor ei bok ein kan prøve å freiste dei med.

Men som sagt så må ein vel kyssa djevelen for å få gutar til å lesa bøker.

Det Melvin Burgess advarar mot i boka 16 & sex  er å skilje sex frå følelsane.
Alt i alt er det ei bra og spanande bok som nok mange ungdom vil kjenne seg igjen i.
Einaste minus med boka er at den er ganske gammaldags med at forfattaren skriv at det helst er gutane som har perverse tankar. For det kan eg ikkje tenkje meg er heilt sant. Eg trur ikkje det berre er gutane som tenkjer pervo, sjølv om dei kanskje snakkar meir opelyst om det.

Mars 2007