Magasinett

Utskrift

Bok: Happy

Skrive av Lene Langeland, ung lesar .


Monika, eller Mo som ho kallar seg, er ny i klassen.
Ho og faren har flytta frå det gamle huset der Mo, faren og mora budde i lag. Mora til Mo er død. Tok sjølvmord. Meir vil eg ikkje røpe om den saka. Du får lese og finne ut kva som hende sjølv. Eg vil ikkje øydeleggje spenninga for deg.


Uansett, Mo har mykje å uroe seg for. I friminutta lukkar ho seg inn på jentedoen når verda blir for vanskeleg. For Mo veit det at blir ho først sint, tek raseriet heilt overhand.


Allereie på første side i boka vurderer ho den gravide læraren i den nye klassen sin og seier bestemt: ”Eg kjem ikkje til å gjere det lettare for henne.”

Mo er full av hemmelegheitar når ho kjem flyttande til bygda med far sin. I dei første kapitla av boka får me spennande hint om både fortida og framtida. Snart nemner ho at det er lenge sidan ho har bestemt noko sjølv her i verda, etter å ha budd i det nye huset ei stund meinar ho at ho ikkje har hatt lyst på mat på månadsvis. Kleda ho pakkar ut, kan ho ikkje hugse. Det verkar som om dei er frå eit anna liv. Og eska med tinga til mora vil ho helst ikkje sjå på ein gong.
 
Det er synd at baksideteksten røper så mange av dei store spørsmåla i boka. Men likevel er det spanade å finne ut om dei andre gjennomskuar ho. For er det verkeleg sant at ho heiter Mo, eller at mora er motefotograf i New York?


Baksida på boka framstiller Mo som ein løgnar, men det vil ikkje eg seie. Mo er ikkje anten løgnar eller sannferdig, ho viser seg å vera begge delar. Det er denne blandinga der heller ikkje lesaren alltid veit om ho er til å stole på, som gjer henne interessant. Mo har styrke i seg, ho dvelar ikkje lenge ved kjenslene sine, ho handlar.


Men konsekvensane for det å leve med løyndomar kjem godt fram. Etter at klassen har avslørt henne i løgn, blir ho utstøtt frå dei fleste. Det vil seie, ho blir utstøtt av alle untatt Hanna. Det er noko spesielt med Hanna. Hanna er den einaste som ikkje har smilt falskt og stivt til ho sidan ho kom inn i klasserommet. Hanna sitt smil er ekte.

Livet i 7. klasse kan vera nådelaust, og kranglane mellom jentene er det lett å kjenne seg att i.
Den råaste scena i boka er mobilmobbing: Nokre elevar i klassen tvingar av Mo kleda på overkroppen og tek bilete av ho  som snart alle går rundt med på mobilen. Likevel går livet vidare, Mo bryt aldri saman.

Happy er ei bra bok med lettleste setningar, gode replikkar og korte kapittel. Samlaget skriv at Happy er ei ”ungdomsbok”. Men der vil eg ikkje seie meg einig. I ungdomsbøkene les du heller sjeldan at hovudpersonen får hjelp frå ein vaksen når problema herjar som verst. Mens i denne boka må det ein vaksen til for å hjelpe Mo til å reise seg opp igjen. Så alt i alt meinar eg derfor boka passar best for barn i storskulen
torsdag 31. mai 2007