Magasinett

Utskrift

Bok: Englefjes

Skrive av Stefan Andreas Sture .

Engel Winge er 17 år og sommarvikar i lokalavisa på Tysnes. Det er ikkje så fredfylt og søvnig som ein kanskje skulle tru. Ho er nysgjerrig, og det lang meir enn redaktøren og makta i lokalsamfunnet set pris på. For Tysnes er ein plass der all verda sin vondskap får plass. For venninna vår pirkar borti både det eine og det andre, går småbylivet sin vante gong. Mange viskar i krokane, og Engel lyttar. Med stor iver og like stor tru på seg sjølv, går ho til redaktøren med avsløringane sine. Han er ikkje like interessert. Av svært så gode grunnar.

Engel Winge bur hos bestemora på Tysnes, ein avblomstra hippie, som kanskje er like oppteken av seg sjølv, som av dotterdottera. Mora til Engel er død og faren jobbar utanlands, og med ei bestemor som er meir oppteken av yngre elskarar og kontakt med det overnaturlege, så er nok Engel litt einsam. Der ligg nok noko av forklaringa til den tøffe stilen hennar.

For ho ganske så tøff i trynet, og ikkje redd for konsekvensane av det ho gjer. Eller kanskje ho berre ikkje tenkjer godt nok gjennom det? Men ho tenkjer i alle fall kjapt og klart når det trengst, og ho er like smart som ho er tøff. Vi skal vere glade for den tøffe stilen og kjappheita, for den driv forteljinga framover. Er det noko det ikkje er mangel på i denne boka, så er det driv. Det går verkeleg unna i svingane, og det er spennande så det held.

Som lesar klarer ein knapt å leggje boka frå seg, for dette er spennande og heilt utan dødpunkt. Kanskje burde det vere nokre fleire kvileskjer? For det eine tek det andre her, og det er ikkje måte på kor mykje vondskap som skjuler seg rett under overflata. Det heile blir måla med ein brei pensel, og kanskje i overkant svart/kvitt? Dei slemme er så slemme som det går an å bli, nesten. Dei goda er noko meir nyanserte. Men ein får stor sympati for Engel, og det er ikkje tvil om at ho kjempar den gode saka, og at det er henne vi skal heie på.

Som sagt er ho svært tøff, og det er litt vanskeleg å kome under huda på henne. Tøffheita treng ho nok, for ho er jo sårbar, som vi alle er – og ho er aleine. Ho har ikkje så mange å snakke med, og det skin gjennom at ho har nokre udekte behov på den fronten. Men dette er berre fyrste bok, av tre, så vi lærer henne nok å kjenne betre. Eg skal i alle fall lese vidare, og eg gleder meg. Englefjes er spennande, underhaldande og morosam.


9. april 2008