Magasinett

Utskrift

Bok: Olav H. Hauge - Dikt i samling

Skrive av Stefan Andreas Sture .

Endeleg er den her, pocketutgåva av Dikt i samling, dette har eg venta på lenge. Men det er klart, eit 100års jubileum er eit passande høve for denne utgivinga. No kan desse vedunderlege dikta endeleg bli allemannseige. For under hundre kroner kan du no bil eigar av desse drygt 400 hundre dikta. Det er ikkje mykje pr. dikt. Sjølv om det nok ikkje er det Hauge tenkjer på når han skriv at “dikt i dag er billege” (Dikt i dag, s. 203). Nei, er det nokon dikt som verkeleg er verdifulle, så er det desse av Olav H. Hauge. Dette må vere den perfekte boka for den berømte aude øya. For ein blir aldri ferdig, sjølv om ein les boka gjennom mange gonger.

No er Olav H. Hauge ein svært folkekjær lyrikar og det er vel heller ingen andre norske lyrikarar det er skrive så mykje om. Sekundærlitteraturen er rik og mangslungen. Så det er veldig mykje å ta tak i for den som ønskjer å fordjupe seg i Hauge si dikting. Men det gjer det også vride for meg å skrive om dikta, no som åttande utgåve av Dikt i samling er her. For det meste er sagt før, og mange som er i målgruppa for denne utgivinga kjenner i det minste nokre av dikta frå før.

Så eg kan seie litt om kva som skil denne frå tidlegare utgåver. Med førre utgåve kom det inn eit alfabetisk diktregister bak i boka, som også finst med her. Det er ein god ting som gjer det enklare å finne igjen akkurat det diktet du leiter etter. Akkurat som i førre utgåve er det også teke med somme dikt som ikkje Hauge sjølv sette inn. Hauge reviderte Dikt i samling fleire gonger og tok ut og sette inn dikt. Fleire av dikta som stod i dei originale diktbøkene kom altså ikkje med i samleutgåva, men også dikt som ikkje hadde vore på trykk før blei plassert inn der dei høyrde til, tidsmessig. Rekkjefølgja på dikta blei også forandra i enkelte tilfelle. Dessutan blei også enkeltdikt retta på. Så det er altså slik at Hauge hadde bestemte meiningar om kva som skulle med og korleis det skulle sjå ut. Dikt i samling var sånn Hauge ønskte å bli lese, sånn som eg ser det.

Derfor blir det litt problematisk når andre enn Hauge set inn dikt. Det er også eit problem med denne utgåva, då alle tekstane som stod i ABC-boka Hauge og Bodil Cappelen laga, er med og plasserte til slutt. Desse er ikkje blant dei sterkaste av Hauge sin tekstar, og dei fungerer ikkje så godt utanfor den illustrerte ABC-boka. Det flotte dikta Bladi losnar, har før gitt Dikt i samling ei passande og sterk avslutning. Det diktet står også godt til boka sitt fyrste dikt, I dag og i morgon, noko som har vore ei god ramme rundt Dikt i samling. Så sjølv om vi får fleire ord for pengane, er eg langt frå sikker på at Dikt i samling har vunne på det.

Men det er likevel ingen grunn til å ikkje skaffe seg denne, særleg om du ikkje har Olav H. Hauge sin Dikt i samling frå før. Det er ei av dei rikaste samlingane med dikt du kan skaffe deg. Den er også svær portabel i pocketutgåva, slik at du kan ha med deg desse dikta over alt. Noko du nok kjem til å gjere, for ein blir aldri ferdig med Hauge når ein fyrst har begynt å lese han.


29. april 2008