Magasinett

Utskrift

Bok: Falskmynter i Sachsenhausen

Skrive av Guro Kristine Haug, ung lesar .

Denne boka blei for første gong gitt ut i 1949, då under tittelen Falskmynter i blokk 19.

Moritz Nachtstern var ein norsk, jødisk typograf som blei sendt til Tyskland under den andre verdskrigen. Etter krigen skreiv han ned opplevingane frå leiren Sachsenhausen, der han saman med andre jødar frå heile Europa laga falske pundsetlar for nazistane. Journalisten Ragnar Arntzen hjelpte Nachtstern med å skrive og gi ut boka. I fjor blei boka gitt ut på ny, denne gongen med blant anna bilete frå sjølve produksjonen av dei falske setlane.

I 1942 blei nordmannen Moritz Nachtstern og 531 andre jødar sendt til Tyskland med skipet Donau. Deretter gjekk reisa til fangeleiren Auschwitz, der dei fleste jødane i Europa enda liva sine i dei grufulle gasskammera. Men Nachtstern var eit unnatak. Han var utdanna typograf, noko nazistane visste å setje pris på. Snart hamna han i blokk 19 i leiren Sachsenhausen utanfor Berlin, der dei fekk i oppdrag å trykkje falske pundsetlar. Hensikta var å øydeleggje den engelske økonomien ved å spreie ut dei falske setlane over engelsk jord. Nachtstern var ein av dei få norske jødane som kom levande tilbake frå krigen. Fleire gonger var han nær døden, men flaks gjorde at han overlevde dei to åra han arbeidde i blokk 19. I boka si fortel Nachtstern om livet i blokka, om menneska der, om nazistane, setelproduksjonen og om den endelause frykta for å hamne i gasskammeret.

Dette er ei forferdeleg, men samtidig viktig og interessant forteljing. Nok ein gong får me stadfesta at nazistane var eit hjernevaska folk, utan menneskelege kjensler og forståing for andres situasjon. Nachtstern fortel om straffeeksersis, pistolmunningar i nakken, vondskapsfulle leiarar og den endelause svolten. Eit liv var ingenting verd for nazistane, fordi jødane etter deira syn var undermenneske som ikkje hadde rett til å leve. Historia er likevel særs viktig å fortelje og formidle til yngre generasjonar, slik at me kan få innsikt i det som skjedde med jødane under den andre verdskrigen. Skildringane er nøkterne og presise, og Nachtstern legg ikkje skjul på noko. Her handlar det om noko så grunnleggjande som menneskeverd. Ideen om at nokre menneske er meir verd enn andre fekk leve heilt ukontrollert på denne tida, utan av nazistane fekk straff for det grufulle dei dreiv på med. Boka overtyder oss til å kjempe for at dette ikkje skal få hende igjen. Nachtstern og dei andre mennene i Sachsenhausen trykte opp falske pundsetlar. Denne historia har vore lite kjent, men har først komme i søkjelyset den siste tida. Den austerrikske filmen Falskmyntarane i Sachsenhausen fekk Oscar i år for beste utanlandske film. Han fortel om det same Nachtstern skriv om, nemleg jødar som arbeidde som falskmyntarar for å sleppe gasskammeret. Historia om falskmyntarane er interessant, fordi me får eit unikt innblikk i korleis dei arbeidde. Det blei til dømes lagt mykje presisjon i arbeidet med å lage setlane så ekte som mogleg for at dei ikkje skulle bli gjennomskoda. Planen var så å lage falske dollarsetlar, men nazistane kom aldri så langt. Falskmyntararbeidet blei særskilt vellykka, og falske pundsetlar gjekk i omløp lenge etter slutten av krigen. Denne delen av boka er fascinerande, og er verd å få med seg for alle historieinteresserte.

Boka er ein sjølvbiografi med skjønnlitterært preg. Ho fortel nøkternt og presis kva som hende, men inneheld også for ein stor del scenisk framstilling. Det blir sagt i etterordet til historikaren Bjarte Bruland at Nachtstern dikterte opplevingane sine til kona rett etter krigen. Opplevingane sat nok godt i, for heile livet hans hadde i to år handla om å produsere falske pengar – og kampen for å overleve. Den enkle og nøkterne stilen gjer historia truverdig, og den sceniske framstillinga gjer at lesaren lettare lever seg inn i historia. Ein kan jo lure på om den sceniske framstillinga til alle tider kan vere heilt korrekt, for det blir ikkje nemnt at Nachtstern skreiv ned opplevingane sine undervegs mens han sat i leiren. Likevel har dette lite å seie, for historia hans er og blir eit realistisk og sjokkerande dokument om livet som falskmyntar i Sachsenhausen. Boka er lettlesen og enkel i forma, og kan veldig godt bli lesen av ungdom så vel som vaksne.

Falskmynter i Sachsenhausen er ei gripande bok med krig og menneskeverd som stikkord. Dette er ei bok alle burde ta seg tid til å lese, for først og fremst å lære og forstå, men òg for å la seg fascinere av det som utrulege som faktisk hende i ein tysk fangeleir for vel 60 år sida.


1. mai 2008