Magasinett

Utskrift

Film: Sex and the City

Skrive av Johanne Færevaag Nome .

Kim Catrall og Sarah Jessica Parker. Foto: FilmwebNoko satt sexliv i byen

 

Den superpopulære serien Sex og singelliv har blitt film, eit fenomen som har vore umogleg å oversjå. Medan fansen har jubla og talt ned dagane til premieren, har debatten herja på sidelina. Knapt nokon film retta mot eit kvinneleg publikum har tidlegare vore velsigna med slik merksemd, og ein kan sjølvsagt spørje i kva grad denne er fortent. For medan serien om dei fire vakre, att og fram single New York venninnene evna å revitalisere nokre stereotypiar knytt til særleg kvinner si seksualitet, medan han godblunka til eit publikum med høg populærkulturell kompetanse, er filmversjonen ei heller falma utgåve av sitt freske opphav.

Ikkje gull alt som glimer
Filmen tek historia vidare fire år etter siste episode. Den etterkvart kjende relasjonsskribenten Carrie Bradshaw (Sarah Jessica Parker) er framleis saman med sin store helt Mr.Big (Chris Noth), og dei planlegg endå til bryllaup. Den i lang tid verpesjuke Charlotte (Kristin Davis) har adoptert ei dotter saman med sin advokatmann, hardtarbeidande Miranda (Cynthia Nixon) erfarer at romantikken kan slite i kvardagen, medan den promiskuøse Samantha (Kim Cattrall) bur i LA, der ho arbeidar som manager for sin unge skodespelarkjærast og kjempar for å motstå mannlige freistingar i nabolaget

Filmposter - Sex and the City. Foto: Filmweb Foto: Filmweb


Regi: Michael Patrick King
Skodespelarar: Sarah Jessica Parker, Kim Cattrall, Cynthia Nixon, Kristin Davis, Chris North
Nasjonalitet: USA
Språk: Engelsk
Distribusjonsår: 2008

Sex and the city slit med overgangen til filmformatet. Den inneheld for mange lausrivne historier som ikkje klarer å balansere dramaet i dei mange vendepunkta med den vidare handlinga. Dramatikken synes noko konstruert og tener til lite anna enn å drive handlinga vidare.

Medan serieformatet gjer publikum kjend med karakterane over lang tid, må filmen løyse dette på andre måtar, noko som er særleg utfordrande når ein har fire protagonistar. I Sex and the City slit eg med å mobilisere det store engasjementet overfor dei no relativt godt vaksne jentene. Det er mogleg at deira hardt tilkjempa plettfrie utsjånad blender meg litt, men ein kan ikkje berre legge skulda på stylisten si arbeidsiver. Rett nok ser sjølv Miranda stadig ut som ho kjem rett frå ein bli – ny med Vouge - session, men eg lar meg ikkje lure så lett. At dei urbane heltinnene er mindre interessante i meir moden alder er jo ikkje så flatterande. Til dømes kjem deira ambisjonar knytt til jobb i bakgrunnen, medan kjærleik – og familieliv er deira viktigaste fokus. Carrie, som har skrive seg gjennom heile serien, er satt ut av spel og må endå til hyre ein personleg assistent, medan Samantha har vigd sine jobbekrefter på kjærasten og har forlate byen ho elskar for å vere med han. At dette mogleg er eit steg i feil retning, er ho den fyrste til å innrømme, og denne karakteren er faktisk den mest interessante i Sex and the City. Sjølv om utviklinga hennar fører henne attende til der ho var i byrjinga, tek det ikkje form av eit tilbakesteg. Medan jakta på lukke for Carrie, Charlotte og Miranda er relativ konvensjonell, er Samantha den einaste radikalaren som overlevde overgangen til lerret.

Mi akutte reaksjon etter kinoopplevinga av Sex and the City var å i affekt kjøpe nokre rettelig dyre konfektbitar. Eg kjøper faktisk sjeldan sjokolade, men etter filmen hadde eg ein udefinerbar trong til å gje meg sjølv noko ekstra fint. Den effektive  produktplasseringa i filmen råka vel også meg, men kjøpetrongen vart budsjettprøva. Samstundes vart eg nok rive med av jentenes iver etter lukke, og eg var truleg litt sugen etter all den meir eller mindre sukkersøte romantikken.

Sex and the City greier diverre ikkje å framstille serien sitt tiltrekkjande univers av urban magi, yr forelsking i ein halvsatirisk innpakking. New York er no meir ei vilkårleg ramme om ein heilt greitt underhaldande kjærleiksfilm. Filmen har likevel nokre fine scener der jentene syner at venskapen deira tross alt det viktigaste dei har, og alle som har eit varmt forhold til karakterane frå før, vil få eit hyggjeleg, om ikkje storvegs, gjensyn.

20. juni 2008

Foto: Filmweb