Magasinett

Utskrift

Ubehageleg, men god historie frå etablert norsk ungdomsforfattar

Skrive av Ida Ljønes .

 

Bokomslag: Bittet


Bittet
av Hilde Hagerup
Aschehoug forlag 2007
Bokmål

Hilde Hagerup har relativt lang fartstid som forfattar. Allereie i ein alder av 14 år gav ho ut si fyrste novelle. Nokre vil kanskje peike på gode genar, då ho er dotter av forfattaren Klaus Hagerup som mellom anna har skrive bøkene om Markus, og barneborn av Inger Hagerup. 

Ho har skrive fleire bøker for ungdom, til dømes Bølgebiter og Løvetannsang, og ho har motteke mange prisar for arbeidet sitt, seinast Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 2007, for nettopp Bittet.

Bittet er ei sterk, og ubehageleg historie om Jonas Nilsen. Jonas Nilsen er ein gut som veks opp i ein heim som ikkje har det beste utgangspunktet for oppseding. Far til Jonas og Jonas bor aleine saman på tettstaden Krattbo, eit stykkje utfor Oslo. Far til Jonas mekkar på ein gamal Cadillac, og gjer elles ikkje så mykje, i alle fall ikkje husarbeid. Jonas og faren har av og til besøk av faren sin alkoholiserte ven Persson og den skremmelege bikkja Snoopie, og dei er i stor grad Jonas sine sosialiseringsinstansar.


Jonas si mor sit i fengsel. Jonas plar besøke ho saman med faren. Då fortel han ein særs pynta versjon av korleis han har det, med ”kjærasten Bobby”, som elevrådsleiar og som skuleflink elev. Han er glad i å pynte, ikkje berre historier, men også seg sjølv. Han går i dress og med hårgelè kvar dag, men røyndomen blir likevel ikkje så vakker. Jonas blir eigentleg sett på som klovnen og pervoen i klassen, og han er aldri redd for å seie ubehagelege ting han tenkjer om andre - ikkje ein gong til læraren. Når han skriv om klasseveninna sitt undertøy i gutegarderoben blir han utvist i to veker, utan at det hjelper stort. Jonas er fyren som ikkje står tilbake for å tafse kvar ei jente på puppane.

Så skjer det noko når det er under ein månad til mora kjem heim igjen. Jonas får ei ny klasseveninne, Tone, som heller ikkje passar inn med alle dei tøffe klassekameratane. Jonas tenkjer at alt kan sjå ut til å løyse seg; mora kommer heim og vil vere på Jonas sitt parti mot faren, og Tone kan bli den imaginære kjærasten Bobby. Diverre blir ingenting som Jonas planlegg, og dette blir eit nederlag for både Jonas og for lesarane som føljer med han.

Jonas er ikkje på nokon måte ein sympatisk gut. I nokre av situasjonane vi føljer han kan ein  bli direkte støtt, og eg må innrømme at eit par gonger måtte eg rett og slett leggje boka ifrå meg. Hagerup lager eit realistisk univers rundt hovudpersonen, sjølv om han sjølv er på grensa til utruleg. Ein vil ikkje tenkje at historia om Jonas er ei historie som kunne vore om ein verkeleg gut i norsk ungdomsskule, men samstundes veit vi jo at mange barn og unge veks opp i heim med rusproblematikk, eller med ein føresett i fengsel. Også mobbing er eit sentralt problem for unge i skulen, noko som ein stadig debatt om barn og psykiatri er med på å få fram. Jonas er diverre ikkje fjern science fiction. Historia i Bittet er i forlenginga av dette noko samansett; ein kan setje seg inn i Jonas sin situasjon, og samstundes blir ein tvunge til å vurdere handlingane han gjer på bakgrunn av situasjonen Jonas veks opp i. Ein får omsut med han fordi ein kjenner på at alt det vanskelege kunne vore unngått, med hjelp av andre enn Jonas sjølv. Som lesar får ein også ei sterk medkjensle for guten som slit så voldsomt med å innpasse seg. For sjølv om han gjer mykje som ikkje passar dei sosiale settingane, har han ei sterk sjølvinnsikt. Det ligg ein viss logikk bak handlingane han gjer, sjølv om dei er gale. Jonas vil berre passe inn og bli likt.


Hilde Hagerup er ein ungdomsforfattar som ikkje er redd for det ubehagelege og det sarte. Det er sterkt å lese ei bok om ein det ikkje går så bra med, og sjølv om det er utriveleg er det bra at forfattaren ikkje fall for å skrive ei typisk ”happy ending”, rett og slett fordi dette kunne ha vore historia om nokon. Samstundes gjer det at den depressive boka kan hende passar best til ungdom over ungdomsskulealder. Hagerup skriv med eit godt og truverdig språk, og ho byggjer opp historia på ein god måte – lesaren er med frå start til slutt. At ho fekk Kultur- og kyrkjedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 2007 er ikkje så vanskeleg å forstå.