Magasinett

Utskrift

Vakkert om krig og bøker

Skrive av Guro Kristine Haug, ung lesar .

Boktyven blei gitt ut i Australia for vel tre år sida, og romanen blei teke godt imot av lesarane. Historia er no omsett til fleire språk, deriblant norsk. Forfattaren Markus Zusak voks opp i Australia med tysk mor og austerrisk far, og det er moras historier frå den andre verdskrigen som inspirerte han til å skrive Boktyven. Historia tek plass i den mørkaste perioden av tysk historie, den andre verdskrigen med nazisme, krig, svolt og død.


Det er Døden som er forteljaren av denne historia. Døden følgjer hovudpersonen Liesel Meminger, også kjent som Boktyven, gjennom oppveksten i Nazi-Tyskland. Liesel blir som

Boktyven

Tittel: Boktyven
Forfattar: Markus Zusak
Forlag: N.W. Damm & Søn, 2007

11-åring sendt til ein fosterfamilie, Herr og Fru Hubermann, etter at faren forsvinn og broren døyr. Ho har stole ei lærebok for gravarar, trass i at ho sjølv ikkje kan lese. Det er den omsorgsfulle nye faren hennar, Herr Hubermann, som lærer Liesel å forstå innhaldet i den stolne boka. Liesel oppdagar snart den store gleda ho får av lesinga.

 

Men familien er fattig og har slettes ikkje råd til bøker. Liesel får ein bestevenn, den viltre naboguten Rudy, som dessutan er forelska i Liesel. Mora, Fru Hubermann, stryk og leverer tøy for folka i den vesle byen. Den alltid trufaste kunden hennar er ordføraren og kona hans, som bur i eit flott herskapshus med eige bibliotek. Ordførerkona forstår fort at Liesel liker å lese, og lèt henne besøkje biblioteket og ta med seg bøker heim. Herr Hubermann står i gjeld til ein gammal venn, og lèt den jødiske Max Vandenburg få bo i kjellaren deira. Han og Liesel blir gode venner som lærer mykje av kvarandre. Men krigen skapar store problem for familien Hubermann. Dei fryktar stadig at myndigheitene skal finne ut om leigeboaren deira. Liesel treff på Døden tre gonger gjennom historia, og det blir nokre vonde møte for den unge jenta. Men Liesel veit å ta vare på seg sjølv, ho har alltids ei bok som kan hjelpe ho gjennom vanskelige tider.

Forteljingane frå livet under den andre verdskrigen kan virke endelause, for det finst truleg tallause skildringar frå denne mørke tida i verdshistoria. Boktyven er nok ei skildring, rett nok oppdikta, men ho er skremmande truverdig. Liesel Memninger, den unge bokelskaren, mistar familien sin og må, som tyskarar flest, leve under tronge kår med lite mat, med mangel på velferd og tryggleik. Nazi-Tyskland er tydeleg og brutalt skissert. Liesel og Rudy må gå i eigne ungdomsklubbar for å bli gode nazistar. Skal dei innom hos kona på hjørnet for å kjøpe snop, må dei ut med det faste ”Heil Hitler” for å få kjøpe varer.  Faren til Liesel blir dessutan kalla ”jødeelskar”, fordi han hjelper ein jøde som fell under den berykta jødemarsjen gjennom byen. Det er eksempel på eit samfunn som handla i grell kontrast til dei verdiane me i dag tek for gitt. Det er skremmande at menneska tenkte slik dei gjorde på denne tida. Romanen gir lesaren eit innsyn i ei vond og trist tid i verdshistoria.

Forfattaren skildrar vanskelege leveforhold, men legg òg stor vekt på dei små tinga som kan gi livet meining, som forholda til familie og venner og gleda over litteratur.

Dei mellommenneskelege forholda står sentralt gjennom heile forteljinga. Forholdet mellom Liesel og fosterfaren Hans er vakkert skildra. Dei blir knytt saman gjennom bøker, fordi det er faren som lærer Liesel kunsten å lese. Fostermora er ei kjeftesmelle og gir Liesel ris, men ho er streng nett fordi ho er så endelaust glad i den nye dottera si. Det same gjeld for forholdet mellom Rudy og Liesel, dei både hatar og elskar kvarande på same tid. Max Vandenburg og Liesel knyter band gjennom forteljingar om livet og håp for framtida.

Tittelen er Boktyven, og forfattaren prisar litteraturen og den gleda me kan ha av gode romanar. Litteratur er ein viktig del av liva til mange menneske, men det er sjeldan me blir minna om kor viktig plass litteraturen eigentleg har. Me tek bøkene for gitt. Liesel derimot gleder seg over dei bøkene ho kan få tak i, og helst les ho dei mange, mange gongar.

Særskilt for denne romanen er valet av Døden som forteljar. Døden veit alt om alt og alle, og han fortel opent og lettfatteleg om sitt ”arbeide.” Han blei kjent med Liesels historie då ho døydde fredeleg i Sydney i Australia etter eit langt liv, det seier i alle fall Døden sjølv. Døden er forteljar, men fordi han veit alt om alle er det lett å gløyme at det faktisk er Døden som fortel. Det kjem mest tydeleg fram i byrjinga av kvart kapittel, der Døden skisserer det han skal fortelje om, og kva han har drive med den siste tida. I starten er det merkeleg, Døden som forteljar er sært og kanskje ein smule morbid, men etter kvart gir det også meining. For var det ei tid då ”folk fall som fluer”, så var det under den andre verdskrigen.

Boka er på over 500 sider, og kunne nok med fordel blitt korta ned. Ho er lang og mykje blir sagt, men det finst få daudpunkt. Ein stor del av forteljinga går på reint kvardagsliv, men fordi det er krig, skjer det stadig noko uventa.

Boktyven er ei vakker historie, som brutalt, men truverdig skildrar Nazi-Tyskland og livet til menneska der. Historia er lang og omstendeleg, men det er eigentleg ikkje eit problem, heller eit gode. Dette er kort og godt ei historie ein ikkje gløymer med det fyrste.