Magasinett

Utskrift

Klar for månelanding?

Skrive av Embret Rognerød .

Johan Harstads nye bok Darlah er eit fyrverkeri av ei bok om ungdom og romfart.






Darlah

Darlah av Johan Harstad
Cappelen Damm forlag 2008
Bokmål

Året er 2012
Handlinga i «Darlah» føregår i framtida. Nokre mektige menn planlegg ein ny ekspedisjon til månen, men NASA manglar pengar til å gjennomføra månelandinga og opprettar difor ein konkurranse der tre ungdommar får delta på reisa ut i verdsrommet. Med eit slikt utgangspunkt, i god Charlie og Sjokoladefabrikken-ånd, startar Harstads ungdomsbok. Først blir vi kjend med ungdommane og seinare sjølve prosjektet, og vi anar at månelandinga vil bli både utfordrande og spennande. Men boka er samstundes mykje meir skremmande enn du først vil tru.

Saman med Midori frå Tokyo og Antoine frå Paris vinn Mia frå Våland utafor Stavanger heile konkurransen. Mia speler i punkband, er skulelei, og vil eigentleg ikkje dra, men ho blir oppmuntra av foreldra. Antoine er ulykkeleg forelska, mens Midori bare vil langt vekk. Saman skal dei tre ungdommane få oppleve romreisa og verkeleggjere draumen om å dra ut i rommet. Framfor dei ventar ei tøff treningsleir i Houston, og ettersom turen nærmar seg blir historia meir og meir spennande for kvar side som går.

Skummel – som i ein skrekkfilm

Forfattaren Johan Harstad verker veldig oppteken av romfart. «Hvor ble du av i alt mylderet, Buzz Aldrin?» var hans gjennombrotsroman og denne gongen har Harstad funne årsaka til at NASA ikkje har reist tilbake til månen på 30 år. «Darlah» har blitt eit overskottsprodukt der Harstad nyttar referansar til science fiction-filmar og musikk. Du vil kjenne igjen mykje frå både «Star Wars» og «Alien» i boka, til dømes flotte bilete, teikningar og andre effektar som gjer ho til ein reinspikka thriller. Månebasen skildrast også så godt at han nesten blir verkeleg...

Og det stansar ikkje her. Snart vil dei tre oppleve sitt livs mareritt. Johan Harstad har skrive ein ungdomsroman som forvillar seg inn i ein thriller. Når romfartøyet tar av, blir det allereie tidleg klart at ting ikkje er som dei skal vere. Straumen blir skrudd av, dørene låsast og mannskapet forsvinn ein etter ein. Det er som å sjå ein skrekkfilm. Du held pusten. Korleis skal dette ende?

Eventyrleg rom-roman
Her må eg nesten stanse for å ikkje røpe for mykje av handlinga. Den 376-siders boka er kanskje litt for lang, men historia går raskt unna. Johan Harstads bok er opphavleg bestilt til niendeklassingar i Rogaland, men kan heilt sikkert lesast av folk i alle aldrar. Det blir skrive alt for få spennande romanar for ungdom i Noreg, men «Darlah» er både skummel som ein skrekkfilm og eventyrleg som ei fantasybok!