Magasinett

Utskrift

Spennande krim frå austlandsbygda

Skrive av Guro Kristine Haug, ung lesar .

Ein engasjerande krim med politimannen Hans Velid og journalistdottera Tuva i hovudrollene - kan det vere noko å lese i jula?

 

Nattskrik

Tittel: Nattskrik
Forfattar: Magnhild Bruheim
Forlag: Det Norske Samlaget, 2008

Forfattar og frilansjournalist Magnhild Bruheim er ute med sin sjette kriminalroman, denne har tittelen Nattskrik. Ho er kjend for bygdekrim med høgt tempo, og den siste utgjevinga er nok eit eksempel på den trykkjande spenninga ho maktar å byggje opp i romanane sine.

Politiførstebetjent ved Gudbrandsdal politidistrikt, Hans Velid, og journalistdottera hans, Tuva, blir dregne inn i ei drapsgåte då ei ung skodespelarspire forsvinn i fjellet og seinare blir funnen død. Det dreier seg om eit grotesk drap, og etterforskarane, med Hans Velid i spissen, har få spor å gå etter. Dottera Tuva dekker drapet for lokalavisa og blir særs engasjert i saka. Dei finn ut at den unge kvinna hadde spesielle interesser og tendensar til sjølvskading. Snart skjer eit nytt drap like ved Bergen som liknar mistenkjeleg på det makabre drapet Velid - familien etterforskar. Samstundes har familien problem i privatlivet som dei må handtere mens det dukkar opp stadig nye oppsiktsvekkande funn i etterforskinga deira.


Dette er ein kriminalroman frå første stund. Etter eit møte med hovudpersonane er historia i gong, og me anar at dette kan bli ei lang og vrien drapsgåte. Spenningskurva går oppover i det Hans og Tuva Velid får kjennskap til nye personar  og fenomen som har tilknyting til dei to kvinnene som blei drepne. Likevel er det inga enkel eller openberr gåte, og løysinga kjem ikkje fram før i siste slutt, akkurat slik det skal vere i ein skikkeleg kriminalroman. I privatlivet går det heller ikkje så bra,  til dømes skal Hans Velid og kona gå frå kvarande. Slik finn me parallelle historier, etterforskinga av drapa og det kompliserte privatlivet til familien Velid. Historia har akkurat den rette blandinga av spenning og kvardagsliv.

Forutan eit rikt persongalleri, ser me inngåande lokalkunnskap i det ei rekkje stadnamn blir hyppig nemnt, så vel som skildringar av dei norske storbyane Oslo og Bergen. Funksjonen er enkel, men effektiv: historia er dyster og vond, men referansane til stadnamn understrekar at historia godt kunne ha skjedd akkurat der.


Dialogen står sentralt, ettersom store delar av romanen er sett saman av replikkar. Samtalene verkar truverdige og flyt godt. Den kvardagslige samtalen  gjer historia realistisk og truverdig, trass i dei makabre og gjerne usannsynlege drapa dei to hovudpersonane står ovanfor.

Romanen er prega av tida han er skriven i, for her får me referansar til  både Facebook, sære interesseforum på Internett, SMS – meldingar, nettavisar, jamvel til  TV2s flaggskip Bonderomantikk. Bruheim flettar inn desse nye fenomena på ein fin måte, og gjer slik historia både truverdig og realistisk, spesielt med tanke på det moderne mediesamfunnet me lever i.


Nattskrik er ein drivande og spennande roman frå den norske austlandsbygda anno 2008. Han vil passe godt for vaksne så vel som for ungdom. Politiførstebetjent Hans Velid og livet hans kan appellere til den vaksne generasjonen, mens den unge journalisten Tuva og referansane til Facebook og ymse internettforum vil kunne gripe interessa til dei yngre.