Magasinett

Utskrift

Spennande, men ikkje heilt overbevisande

Skrive av Ingvild Grane .

Marco Morris er 16 år og bur saman med mora si i den fredlege landsbyen Moulindam i Belgia. Det er sommarferie, og når Marco ikkje har sommarjobb som kyrkjetenar, snik han seg inn i skogen som tilhøyrer landsbyens slott.

 

Marco er nemleg ein ivrig fuglekikkar og fuglefotograf. Men frå utkikksposten i slottsparken oppdagar han ikkje berre sjeldne fugleartar. Ein dag dukkar unge Madeleine opp i kameralinsa - røykande, vakker og nesten naken. Ho viser seg å vere dottera til markien som eig slottet, og Marco forelskar seg i den mystiske jenta. Men då dei to endeleg byrjar å bli kjend med kvarandre, innhentar fortida Marco. Medan han og Madeleine symjar rundt i eit tjern i slottsparken, eksploderer ei bombe i huset der mora til Marco ligg og søv. Marco kan ikkje forstå kvifor nokon ville drepe mora hans. Og kvifor blir han sjølv innelåst på eit sjukehus, slik at han ikkje kan fortelje Madeleine kva som har skjedd?

Marki Marco

Marki Marco av Terje Torkildsen
Det Norske Samlaget 2008


Terje Torkildsen debuterer som forfattar med ”Marki Marco”, men han har ikkje skrive boka aleine. Torkildsen vart engasjert til å skrive den i samarbeid med ein 10.klasse ved St.Svithun skole i Stavanger. Medan han skreiv, kom elevane med tilbakemeldingar som forfattaren måtte rette seg etter. Dessverre er dette samarbeidsprosjektet litt for tydeleg i delar av boka. For sjølv om den er spennande og handlinga har eit godt driv, er mange av løysingane vel lettvinte.

Som bakteppe for handlinga ligg Srebrenica-massakren i Bosnia-Hercegovina i 1995, der tusenvis av menneske vart avretta. Marco vaks opp i Srebrenica, men flykta derifrå som tre-åring saman med mora si. Heile livet har han blitt fortalt at faren døydde i massakren. Men når bomba eksploderer i huset hans i Moulindam, oppdagar han at mora har haldt store delar av livet sitt skjult for han.

Å bruke vår nære historie frå Bosnia-krigen kunne vore eit godt grep. Men boka tek aldri  verkeleg tak i det som skjedde der, og korleis det har verka inn på livet til flyktningar som Marco og mora. I staden blir etterdønningane frå Bosnia aldri noko meir enn ei bakgrunnsforteljing, som kjem heilt i skuggen av kjærleikshistoria om Marco og Madeleine. Til dømes har det faktum at faren til Marco plutseleg viser seg å vere i live, liten innverknad på handlinga i boka. Og forhistoria til mora, og livet ho har skjult for Marco, får lesaren aldri vite noko om. I staden får vi inngåande skildringar av korleis Marco snik seg rundt i slottsparken for å unngå å bli skoten av den ilske skovaktaren De Boer.

Det som trekk mest ned i boka, er at eg ikkje heilt klarer å tru på figurane. Trass i sin unge alder, kan Marco vise til imponerande mengde seksuelle erfaringar. Hans nærmast magnetiske tiltrekkingskraft på det motsette kjønn ligg som ein føresetnad for heile boka, sjølv om eg aldri heilt skjønar kva som gjer den unge fuglekikkaren attraktiv. Og kvifor Madeleine berre er iført ei truse når Marco først oppdagar ho i skogen, sjølv om ho er redd for skogvaktaren som vandrar rundt i slottsparken, framstår som noko av eit mysterium. At ho held fram med å dukke opp meir eller mindre avkledd, gir heller ikkje nokon meining. Tek ein dessutan med i vurderinga at boka passar best for ungdom i alderen 13-17, kan det diskuterast om fokuset på sex i boka er litt vel spekulativt.

På den positive sida inneheld boka fleire svært morosame episodar, som skildringa av presten Duplessi som spring gjennom kyrkjesalen oppå benkeryggane, og rapar så høgt at det klirrar i glassmaleria. Bakpå omslaget omtalar forlaget boka som ein eventyrleg thriller, og det er ein kategorisering som passar godt. For sjølv om historia ikkje alltid er like truverdig, er den likevel høgst leseverdig dersom ein er ute etter ei lettlest og fengjande bok. Og som heilskap er boka både spennande og velskriven. Torkildsen og 10.klasse-elvane har klart å skape eit godt driv som gjer at det er vanskeleg å legge ”Marki Marco” frå seg.