Magasinett

Utskrift

Snåsamann utan hijab

Skrive av Jon Peder Vestad .

Vekene før eg skriv dette, er det to saker som har overskygga andre i media: Uforklarlege evner hos ein gammal kar frå Snåsa og om muslimske politikvinner skal få ha på seg skaut. Dette er gode eksempel både på kordan media jaktar i lag, og på at ganske enkle saker får plass som meir innfløkte saker kunne ha trengt.
 
 

Det er ei kjend sak at særleg riksmedia ikkje så sjeldan  held seg rundt dei same sakene og prøver å få eigne vriar og vere ”best” på akkurat den eller den saka.  Dette verkar også sjølvforsterkande, slik at ein konflikt eller eit emne som i utgangpunktet er slik passe interessant, brått blir kjempeaktuelt for ”alle”.  Og etter kvart kan ei slik sak også bli meir kontroversiell enn det ho var frå førsten -  ja, ho kan føre til at somme ønskjer at ein statsråd må gå av, for eksempel …

 

Andre saker er viktigare

For meg er det ikkje oppsiktsvekkjande eller kontroversielt at folk trur at ein kar i Snåsa kan gjere folk friske ved å ta på dei eller tenkje på dei. Eg har opplevd for mye til å meine at noko slikt er sprøyt. Eg kan heller ikkje skjønne at det skulle vere noko problem om muslimske politikvinner hadde på seg ein hijab under politikapsen. Andre meiner noko anna – eg har fått med meg det. Men alle dei spaltemetrane og sendetimane som desse to sakene har fått, kunne ha vore brukt til å ta for seg fenomen i samfunnet vårt som må vere langt alvorlegare.

Finn din indre elg!

Eg følgjer ein del med i det som blir kalla den ”alternative” rørsla, der vi blant anna finn nyreligiøse grupper og healarar. Fast les eg det viktigaste tidsskriftet som dekkjer stoff frå denne delen av verkelegheita, eller kanskje heller ”verkelegheita”.  Bladet heiter Visjon. Det er ikkje måte på kor mange slags teknikkar og kurar ein kan bruke for å bli frisk, friskare eller bli finne sitt eigentlege eg. Den som blir forvirra av skilnadene mellom katolisisme og protestantisme, sjia- og sunniislam, kan bli svimmel av alle guruar og truer som finst i den alternative verda. 

 

Følg pengane!

Og her er det pengar, mye pengar. Folk som ønskjer å bli friske, eller som ikkje er fornøgde med livet sitt, kan mot å betale godt for seg, få ein behandlingstime eller  vere med på ei kurshelg – og sjølvsagt er det mogleg å få oppfølging, som også kostar.  I tillegg kjem spåtelefonane, da! Sjekk annonsane i Dagbladet! Minuttprisen sist eg såg etter, var 26 kroner.  Kor mye får ein sagt på ein handfull minutt? Det blir fort pengar av dette, og somme blir avhengige av å få påfyll frå nye kurs, nye telefonsamtaler. Det er ikkje sikkert at det hjelper andre enn dei som får inntektene.

 

Skaut og hijab, omskjering og isolasjon

Da bestemor mi var lita, gjekk ho med skaut. Det var skikken for jenter og kvinner den gongen for ca. 100 år sia der ho kom frå. I kyrkja skulle dei alltid ha noko på hovudet, og slik er det visst i somme miljø enno. Ein hijab kan vere eit liknande skaut, men oftare heildekkjande. Om det er tvang, tradisjon, praktiske omsyn eller eige val som gjer at nokon går med skaut eller hijab, vil eg la liggje no. Det er eit klesplagg – ikkje eit forbod mot å snakke med fremmende menn, ikkje eit forbod mot å gå med ”vestlege” klede, ikkje eit forbod mot å ha visse typar undervisning eller vere med på fritidsaktivitetar saman med gutar – for å nemne noko.
Bruk eller ikkje-bruk av hijab ser ut til å ha vorte eit symbol for sider ved muslimske skikk og bruk, og akkurat dette, relativt uskyldige emnet, får enorm merksemd. Men det finst altså andre tradisjonar og praksisar som er alvorlegare. Eg nemnde nokon, men ikkje dei verste – omskjering, tvangsekteskap, vald i ekteskapet, at kvinner ikkje får lære norsk, får utdanning eller arbeide utafor heimen. 


Kor utbreidd dette er i Noreg, veit eg ikkje, men det fortener langt større merksemd enn bruk av hijab.  Å jau da, slike saker blir dekt, men dei er vanskelegare å gripe fatt i enn eit klesplagg – eller at Snåsamannen visstnok har gjort sonen til helseministeren frisk. I staden for å avdekkje alvorlege kritikkverdige forhold, bidreg media til å overopplyse oss om eit par, enkle  enkeltfenomen. I mens strømmer pengane inn til healarar og sjølvopppnemnde guruar, og menn får halde fram med å følgje gamle, undertrykkjande skikkar i eit land som held likestilling og rettferd høgt.