Magasinett

Utskrift

Betre død enn homofil?

Skrive av Guro K. Haug, ung lesar .

Foto: Tommy Normann

Arnfinn Nordbø frå Randaberg stod fram som homofil i Stavanger Aftenblad for omtrent eitt år sida.

 

Han fortalde om den dårlige behandlinga han hadde fått av familie, venner og andre i Misjonsambandet, den konservative kristne organisasjonen han vaks opp i.

 

Opplevingane til Nordbø fekk stor merksemd i media.

 

No har Arnfinn Nordbø skrive ei bok om korleis det var å stå fram som homofil i eit konservativt kristent miljø.

(Foto: Tommy Normann)


Arnfinn Nordbø, ein heilt vanlig gut frå Randaberg, rett utanfor Stavanger, fekk livet sitt snudd opp ned då han bestemte seg for å stå fram som homofil. Han vaks opp i eit konservativt kristent miljø, som var ein stor del av livet hans. Som 14-åring begynte han  å synge, og fekk reise rundt som songar og forkynnar, særleg i Norsk Luthersk Misjonssamband. Nordbø fortel om ein trygg og lykkeleg barndom, trass i at miljøet han vaks opp i ofte var skeptisk til det moderne og ukjende. Me kan lese om kristne som er skeptiske til både trommar, kortspel og dans, og Nordbø sine eigne foreldre tykte visstnok ikkje noko særleg om fotballspelinga sønene dreiv med. Gjennom oppveksten fekk Nordbø høyre at homofile ikkje høyrde heime hos Gud og var syndige, fordi ”det står i Bibelen.” Den bokstavtru forståinga av Bibelen står sentralt i desse miljøa, noko som Nordbø gir fleire døme på i den andre delen av boka.

Foto: Samlaget

Betre død enn homofil?
Forfattar: Arnfinn Nordbø Forlag: Det Norske Samlaget, 2009

Då Nordbø bestemte seg for å komme ut av skapet, blei han ikkje møtt med forståing og openheit, men med sorg og sinne. Foreldra og andre menneske i det konservative kristne miljøet ønskte å omvende han, og ville at han skulle forlate den homofile kjærasten sin. Nordbø fortel ope om korleis forholdet til foreldra forandra seg då han fortalde om homofilien. Det er sterkt å lese det Nordbø kan fortelje: ”Dette at eg var homofil var det tyngste som hadde skjedd mor og far. Ingenting hadde vore vondare. Det var så sårt, at dei begge til og med meinte det ville vore betre å hørt at eg var død enn homofil. Først sa mor det, seinare har far gjenteke det.” (side 60). Arnfinn Nordbø hadde pleidd å reise rundt som songar og hadde gitt ut CD-ar saman med broren sin. Etter at han stod fram som homofil blei det slutt på det, mens kontakten blei kutta mellom Nordbø og  den kristen - finansierte barneheimen han var med å opprette i Ukrania.

Livet blei dramatisk forandra for Nordbø etter at han stod fram, men heldigvis er det ikkje berre dei vonde tinga han skriv om. Han fortel også om kor godt det var å stå fram, korleis han nå føler seg fri, og kor godt det er å kunne vere seg sjølv fullt ut. Han fortel også om korleis det var å møte Bjørnar, kjærasten, og den støtta han fekk frå hans familie.

 

Nordbø skriv at han ønskjer å fortelje historia si slik at det skal vere lettare for andre homofile å stå fram. Han er oppteken av at mange homofile ungdommar har sjølvmordstankar og ikkje føler seg normale. Ettersom Nordbø sjølv kjem frå eit kristent miljø, legg han vekt på korleis det er å vere kristen homofil. I den andre delen av boka får me mange bibelsitat som dei konservative kristne meiner er bevis for at homofili er synd. Men  han fortel samtidig om andre sitat som kan tyde på at Gud godtek alle, uavhengig av seksuell legning. Nordbø viser på ein interessant måte korleis Bibelen også kan bli brukt til å forstå homofili som noko positivt, i sterk kontrast til den måten konservative kristne oppfattar skrifta. Historia om David og Jonathan i det gamle testamentet blir av Nordbø forstått som ”ei vakker og rørande forteljing om eit kjærleiksforhold mellom to menn.” (side 148). Dei konservative kristne er neppe einige i den tolkinga, men det er samstundes særs interessant å sjå kor forskjellig ein kan forstå innhaldet i bibelforteljingane.

 

Den kjønnsnøytrale ekteskapslova tok til å gjelde i år, noko som tydeleg viser at ting går framover. Homofil eller heterofil, for unge som veks opp i dag, er homofili ikkje lenger eit tabubelagt område. Nordbø si historie frå det kristne konservative miljøet er likevel eit døme på at det òg finst menneske som ikkje klarer akseptere homofilt samliv.

 

Nordbø si historie er både vond og vakker på same tid. Han fortel om ein god oppvekst og eit godt liv i dag, men òg om alt det vanskelege som dukka opp då han stod fram som homofil. Dette er ei viktig historie å fortelje, som mange menneske, både unge og vaksne, kan ha interesse av å lese. Me skulle kanskje tru at homofile blir lettare akseptert i dag i alle miljø, men det er nok ikkje heilt sant.