Magasinett

Utskrift

Ordleiksboka

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar .

Ordleiksboka

Dette er boka for dei som verkeleg vil leike med språk. Ordleiksboka er ikkje ei heilt vanleg ABC – bok, dette er ei skattkiste der du kan finne forklaringar på ord, små historier og oppgåver. Alt basert på bokstavane våre.

Lærar og språkforskar Olaf Husby har saman med direktør i Språkrådet Sylfest Lomheim og lingvist Øystein Vangsnes sett saman eit mylder av ordspel, gåter, historier og fakta om språk og bokstavar. Dette er truleg ei bok du aldri blir heilt ferdig med.

Her kan du bli med til bokstavfabrikken i Alfabetistan, lese at orda data og dato eigentleg stammar frå det same latinske ordet, at ordet ”okke” er vanleg somme stadar på Sørlandet og i Rogaland, samstundes som du kan løyse magiske bokstavgåter.

Illustrasjonane til Stina Langlo Ørdal bind boka saman og gjer at det er spanande å bla om. Kvar side har nemleg fått sitt heilt eige uttrykk, og boka er nesten blitt eit stort puslespel.  Teikningane er enkle og fargerike, nesten litt barnslege. Mange barn vil nok ha mykje glede av å sjå og observere teikningane  sjølv om bokstavar og ord framleis er litt lite spanande.

Slik treff boka mange aldersgrupper. Alt frå dei minste som kanskje får sitt første møte med skriftleg språk, til dei som nett har byrja å lese og opp til oss vaksne som heilt sikkert vil finne små kuriositetar og fakta me ikkje visste frå før. Ordleiksboka klarer å vere variert utan at det blir konstruert innhald eller at ho blir vanskeleg å orientere seg i.

Vel kan det bli litt tøft for dei minste å halde fylgje med innhaldet i boka somme tider. Men med litt forklaringar kan Ordleiksboka likevel framstå som spanande. Og kjekt er det jo og ha ei bok som kan fylgje borna lenge, og som ein kan utvikle språkkunnskapane sine saman med. Og ikkje minst som de som foreldre eller vaksne kan ha glede av.

Ordleiksboka både overraskar og gler oss som lesarar. Visste du at grisen seier ”boo – boo” på japansk? Eller at grekarane brukte ordet ”idiot” om ein person som var spesiell, eller noko for seg sjølv? Spanande er det også å prøve seg på ordleikar, språkgåter eller lese små språkhistorier.

Kanskje kan også Ordleiksboka inspirere fleire til å bli interesserte i språk? I så fall har ho ein viktig jobb å gjere.