Magasinett

Utskrift

Veslebror ser deg

Skrive av Guro K. Haug .

Cory Doctorow

Historia er sett til San Francisco, USA, der syttenårige Marcus Yallow blir eit offer for den massive overvakinga til Tryggleiksdepartementet. Som me veit blei ”kampen mot terror” eit av dei store satsingsområda for styresmaktene i USA etter terroråtaka i 2001.

BokomslagDoctorow har laga eit skremmande framtidsscenario, der til dømes skulane er overvaka på alle moglege måtar. Styresmaktene overvakar all aktivitet på datamaskinane til elevane, og overvakingskamera med ganglagsgjenkjennande programvare sørgjer for at ingen elevar kan skulke. Marcus har ei stor interesse for datamaskinar, internett og pc-spel.

Han er ein kløppar til å lure seg unna systemet, og han har klart seg lenge utan å bli oppdaga. Men ein dag går det gale. Marcus og vennane blir mistenke for å stå bak eit nytt terroråtak. Denne gongen er det Bay Bridge i San Francisco som blir sprengd i lufta.

Spenning og kamp for fridom

Marcus og vennane må saman prove at dei ikkje står bak åtaka. Samtidig kjempar dei ein kamp for ein av dei grunnleggjande rettane som er sikra i den amerikanske grunnlova: Fridom.

Samlaget kallar boka ein spenningsroman, noko han rett nok er. Byrjinga er lovande – Marcus og vennane blir pågripne, og situasjonen deira verkar ganske håplaus.

Men dei kjem seg fri (med unntak av Jolu, bestekompisen til Marcus, som blir verande i fengselet) og startar kampen for å prove at det styrkesmaktene driv med, er gale. Historia klarar å halde på spenninga, både byrjinga og slutten har mykje driv, men undervegs skjer det òg mykje.

Kritisk til overvaking

Det framtidsscenarioet Doctorow presenterer, er alt anna enn positivt. Her blir alle menneske overvaka heile tida – kor du reiser, kor du beveger deg, kva du til ei kvar tid gjer ute i det offentlege rommet blir overvaka, analysert og vurdert.

Overvakinga skapar ikkje berre paranoia og frykt, men går òg utover økonomien og stel tida og ressursane til folk. Til ein viss grad kan me vel seie at det amerikanske samfunnet er slik i dag.

Doctorow tek likevel nokre skritt lenger, og beskriv korleis samfunnet i yttarste konsekvens vil sjå ut om utviklinga av overvakinga fortset som i dag. Ei slik utvikling er skremmande.

Me kan synest det er rimeleg at styresmaktene set i verk tiltak for å sikre befolkninga si mot terroråtak. Men kor langt kan styresmaktene gå, og er me som borgarar verkeleg villige til å gi bort så mykje av fridommen vår for å få sikkerheit?

Boka handlar ikkje berre om ein gut som blir urettferdig behandla, ho er òg kritisk til det overvakingssamfunnet som har vakse fram etter terroråtaka i 2001.

Data og tyrkisk kaffi

Men romanen handlar ikkje berre om overvakingsamfunnet. Heile historia er gjennomsyra av amerikansk ungdomskultur. Marcus er oppteken av datamaskinar og pc-spel, han har vennar han bryr seg om, foreldre som er glad i han. Dessutan likar han sterk tyrkisk kaffi og meksikanske burritos.

Og byen han bur i, er mangfaldig og fargerik. Her finst alle slags menneske – hippiar, transvestittar, uteliggjarar og prostituerte. Her finst det dårlege strøk og moderne forretningskompleks.

San Francisco verkar som ein spennande by å vekse opp i, kan hende spesielt for ungdommar, som ofte er meir opne for nye tankar og idear.

Marcus og vennane brukar ”Ikkje stol på nokon over 25” som slagord, sidan dei ikkje lenger har tillit til styresmaktene. Ingen vil høyre på kva dei seier, og ungdommane føler seg misforstått. Det er nok ein universell tanke – ungdommar over heile verda føler seg annleis frå tid til annan og vil gjere opprør mot dei vaksne og det etablerte.

Ung kjærleik

Mange vil nok ikkje kalle dette ein typisk ungdomsroman, likevel er kjærleik ein viktig ingrediens også i denne historia. Marcus blir kjend med Ange gjennom Xnet, det hemmelege nettverket han lagar. Forholdet mellom dei to ungdommane verkar realistisk – dei deler dei same interessene, og finn snart ut at dei òg interesserer seg for kvarande.

Dei blir glade i kvarande, men forholdet er ikkje utan komplikasjonar. Slik skal det vere, noko anna ville ha vore rart. Dessutan blir forholdet eit ekstra spenningsmoment i boka. Korleis utviklar forholdet seg, og greier dei to ungdommane å halde saman i den pressa situasjonen dei er i?

Hovudpersonen Marcus veit alt som er å vite om datamaskinar og Internett. Han opprettar sitt eige nettverk, Xnet, der han spreier informasjon og mobiliserer andre ungdommar til å vere med å kjempe for den grunnlovfesta fridommen som alle menneske i USA har rett på.

Ei annleis ungdomsbok

Fordi datamaskinar og Internett står så sentralt i historia, er det berre naturleg at det blir mykje snakk om det reint tekniske. Til tider kan det likevel bli ganske teknisk og nokre vil kan hende ha problem med å følgje heilt med.

Likevel er forklaringane langt ifrå uforståelege. Forfattaren har verkeleg prøvd å forklare det tekniske på ein tydeleg, klar og enkel måte som skal vere forståeleg for folk flest. For ungdommar som er spesielt interesserte i desse tinga, er det nok mykje som er kjend stoff.

Veslebror ser deg er ei annleis ungdomsbok, og ikkje minst ein spenningsroman. Det er ikkje utan grunn at Samlaget har valt å omsette boka til norsk, og at boka hamna på New York Times’ bestseljarliste i 2008.

Boka er absolutt verd å lese, ikkje berre fordi ho er spennande og har fått gode kritikkar, men fordi ho er ei annleis historie. Ho er samfunnskritisk, og samtidig både engasjerande og underhaldande. Eg trur verken ungdommar eller vaksne vil bli skuffa over denne boka!

Om forfattaren

Veslebror ser deg er skriven av Cory Doctorow - ein kanadisk forfattar, bloggar og skribent som talar varmt for fildeling. Boka hans blei gitt ut på norsk av Samlaget denne hausten. Forlaget er det første utanfor den engelskspråkelege verda til å kjøpe rettane til boka.

Doctorow meiner at fildeling bør vere lovlig, og ønskjer derfor at bøkene hans skal finst på internett slik at alle kan ha tilgang til dei. Veslebror ser deg er tilgjengeleg i pdf-format på Samlaget sine nettsider for dei som har lyst til å lese boka: http://www.samlaget.no/_upl/filer/veslebror_ser_deg-med-framside.pdf