Magasinett

Utskrift

Tilstandsrapport frå 2009 (juni)

Skrive av Mette Karlsvik .

Bokomslag
Eg synest at Mortensen har laga ei nydeleg og vakker bok. På overflata.


BokomslagHar de lese ”Vi har så korte armar” (VHSKA) av Olaug Nilssen? Det var ein fragmentert roman med undertittel/ sjanger ”Tilstandsrapportar”. Rapporten gjaldt årtusenskiftet, og Bergen.

Den skildrar
1. det å vêre kvinne på atten-nitten-tjue,
frå ein liten plass, som flyttar til byen.
2. Ho veit ikkje kva ho vil med livet sitt,
2.1. onanerar
2.2. bur i kollektiv med folk ho ikkje har, og ikkje kjem til å ha noe forhold til,
2.3. har flytta frå familien sin, og skjønner at ho må finne sin eigen familie,
2.4. studerar eit meir eller mindre tilfeldig fag på HF-fakultetet, og
2.5. er redd for at ho aldri får jobb, og får betalt studielånet sitt.

”alle_forteller_meg_hvor_bra_jeg_er_i_tilfelle_jeg_blir_det" (”alle (...)”) er ein rapport frå Oslo, i 2009.

Den skildrar
1. det å vêre mann på tjuetre, som kjem frå Oslo, har budd der nesten heile livet sitt, og bur framleis i Oslo.
2. Han veit at han vil bli forfattar,
2.1. onanerar om ettermiddagen etter ein morgon då han har skrive dikt,
2.2. bur i ein relativ ok bustad som han har råd til fordi foreldra er relativt rike,
2.3. men drar likevel heim til foreldra sine sitt hus når dei er på ferie, og har visst ikkje heilt bestemt seg for at han faktisk har flytta heimefrå enno, og
2.4. virkar å ha det såpass sosioøkonomisk trygt at han ikkje uroar seg for studielånet sitt, men kan realisere seg sjølv. Ambisjonsnivået er tilsvarande høgt. Han ser opp mot Ole Robert Sunde, Angelina Jolie, Kjell Askildsen, Jenny Hval. Kjem han dit?

Grunnleggande informasjon
 (”alle (...)”) er ei samling av 181 dikt. Fortellar-eg’et er ein gut på 23 år. Vi følger han til lesesalen på Blinder’n, på sykkeltur, heim til foreldra hans, men først og framst til internettet.

Det er her han henger mest. Han sjekkar epost med ein gong han står opp. Humøret går opp og ned etter tilfanget eller fråværet av uleste epostar i postkassa hans.

Det går oftast ned. Boka er på mange måtar bildet av eit sinn. Eit bilde, altså. La oss difor sjå nærmare på forma til boka:

Concrete Poetry
Dikta er fortalte i 1. person eintal. Noen er fortalte i 3. person eintal. Då er fortellaren m.a. ”dette diktet”.

1. persons eintalsfortellar har potensial for nærleik. 3. personsfortellaren lagar avstand.

Mortensen brukar den til å besjele diktet. Han gjer diktet til noe konkret. Det høver denne samlinga. Den har nemleg trekk av Concrete Poetry.

Det er når poetar ”teiknar” med ord. Dei lar ord danne bilde. Mortensen sine ord lagar bilde av dataskjermar:

Noen av sidene er screenshots. Datamaskinestetikken er gjennomført. Orda på omslaget er ”rein tekst” som blir brukt i HTML-koding. Innmaten er sett i arial utan seriffar, som er fonten som kjem automatisk når ein opnar ”text-edit” på mac.

Ser du det føre deg? Ikkje? La meg ”ta ein Mortensen” og besjele dikta:

”alle (...) er ei bok med Erlend Øye-briller, og converse-sko. Conversskoa er svarte, kvite eller raude. Dei kan vere militærgrøne, men må ikkje ha vulgære fargar eller – mønster.

Og jaffal ikkje skotske ruter. Slik lyder herrens sko, nei, eg meiner: Slik lyder conversesko-reglane hos ”blindern-kretsen” i Oslo: Du skal ha ikkje ha andre sko enn Converse. Viss dei er kvite, skal dei ha raude streker nedst.

Du skal ikkje ha andre belte enn naglebelte. Beltet har helst tre rader nagler. Viss det skal vere to rader, skal naglane vere særskilt tjukke.

Boka har svarte, tronge ”Cheapmonday”, ”Nudie”, eller ”Levis” (511), har Koss hovudtelefonar på seg, og høyrer Animal Collective, Band of Horses, og Children and Corpse Playing in the Streets.

Den har dessutan bart av det lett ironiske, nesten hitler-aktige punktumet på overleppa.

Denne boka bør være punktum for Oslo som ”indieby”, og vere den siste boka som framleis sett fram ”indieestetikken” som ideal.

Denne hausten er det 18 år sidan artisten Björk sa dette: ”Indie-omgrepet er tomt og meiningslaust”. Ho snakka om ordet ”indie” som beteikning av ei haldning.

”Indie”-generasjonen av i dag er bare bleike kopiar av indiepionerane. Mortensen har potensial i retning av ein norsk neo-concrete poet. Pick that up, boy, og gå i den retninga. Det er adskillig meir interessant enn resirkuleringa av den allereie nedadgåande estetikken!

Readymades
Ein annan av tradisjonane som Mortensen skriv seg inn i, er kunst frå sekstitalet. Då begynte dei å bruke readymades.

Når dette blir gjort i litteratur, kallast det gjerne ukreativ litteratur. Dømer er Joar Tiberg som transkriberar vêrmeldinga, eller Jan Erik Vold sin bruk av faksimiler i boka Kykelipi.

Mortensen er ikkje bare ukreativ, men lagar ein liten skru til sin readymade. Her er eit døme, som på mange måtar oppsummerar boka for meg. Det skildrar einsemda i internett-samtida vår:

disse vil jeg gjerne treffe husker ikke forrige gang jeg snakket med disse
193.157.233.82 98 14 77 13
208.773.188.16 90 13 95 73
184.549.294.02 41 42 02 44
993.235.932.85 69 88 21 09
784.663.992.95  69 88 20 58

(Numra til venstre er IP-adresser. Det er identiteten til datamaskiner)

Vurdering
Og når dette er sagt: ”alle (...)” er på same tid eksistensiell, men også samtidig. Stilmessig er boka nesten heilt perfekt. Den er gjennomført, konsekvent trivialitet, som er ein pussa, polert og poetisk kvardag like skarp, kool og klar som den nyaste MacBook. Ca.

Og når det er sagt, så er MacAir overprisa. Ein betalar veldig mye for den fine designen. Innhaldet er som i bærbare maskiner flest. Og kva med ”alle (...)”; er innhaldet og bodskapet like vakkert og gjennomført som det ytre av boka?

Kva haldning tar Mortensen? Har han sympati med diktar-”eg”’et? Er ”Gimmikdiktet” ein nøkkel? Det begynner med å stadfeste at ”ekte kjærlighet er en gimmik”. Ekte kjærleik er med andre ord ”bare tull”.

Eg skriv det i hermeteikn fordi det bare er tull at ekte kjærleik er bare tull. Alt er i følge fortellaren ein gimmik. Ikkje noe er virkeleg, ekte, betydeleg. Ingen ting skapar reaksjon, og sett kjensler i gong.

Men det er vanskeleg å vite når Mortensen er ironisk og ikkje. Her er ikkje bare hermeteikn, men endåtil hermeteikn innanfor hermeteikn.

Det skjer t.d. i diktet ”ufullstendig liste over ting jeg sa/ googlet forrige uke muligens ”freudiansk”” (s. 178). Moglegvis i hermeteikn = moglegvis moglegvis. Eg opplever teksten ofte som unnvikande, og feig.

Eg synes at Mortensen har laga ei nydeleg og vakker bok. På overflata. Men eg liker ikkje det som eg finn når eg tenkjer for lenge over meininga eg lagar frå orda hans.

Viss eg skulle komme med noen anbefaling, så ville eg gjere dette: ramme inn ”alle (...)” og henge på veggen, og lese ”Vi har så korte armar”.