Magasinett

Utskrift

Underhaldande om tenåringsliv i bygde-Noreg

Skrive av Guro K. Haug .

Tittel: Thunder Road
Forfattar: Erlend Kaasa
Forlag: Det Norske Samlaget, 2009

Erlend Kaasa sin første roman - "Thunder Roar" er lettlesen, med realistisk dialog og eit språk som flyt godt.

Erlend Kaasa kjem frå Vinje i Telemark, men bur i Bergen. Thunder Road er debutromanen hans.

Thunder Road, oppkalla etter Bruce Springsteen-låta med det same namnet, er historia om ungdomstida til Mattis, som veks opp i ei bygd i Noreg på byrjinga av 80-talet.

Mattis og vennane gjer opprør, dei hører på AC/DC i staden for Springsteen og vil ikkje vere som alle dei andre.

Det er mange gutar i bygda, men det er Nils Kåre og Aslak som er dei trufaste vennane til Mattis. Nils Kåre er vilter og galen etter jenter, Aslak er den rolege typen, mens Mattis er noko midt i mellom.

Gutane skal snart konfirmerast, dei går på ungdomsskulen og kan ikkje vente til dei sjølv er ferdig med skulegangen. Då blir dei oransjeruss og kan drikke seg fulle rundt bålet på Ormetjønn.

Men mest av alt er gutane opptekne av jenter. Og då det kjem ei ny jente til bygda, Åsne, fattar Mattis fort interessa for den spontane jenta.

Jenter og musikk betyr mykje i livet til Mattis, men forholdet til bestefaren er vel så viktig. Bestefaren til Mattis har eigen treskjerarverkstad, der han lagar trefigurar og lærer Mattis å snekre.

Dei dreg på turar saman, der bestefar fortel om den flotte bestemora til Mattis, ei kvinne han elska veldig høgt.

Men det viser seg at det bildet bestefaren malar av familien, er alt anna enn berre vakkert. Det lurar løyndommar der, som Mattis ikkje får vite om før det er for seint.

Å vere tenåringsgut i ei lita bygd er ikkje berre enkelt. Her kjenner alle kvarandre og veit kva som skjer. Mattis blir stormforelska i den nye jenta, Åsne, men han får slettes ikkje ha ho i fred.

Frustrasjonen og hormona er lette å spore.  Det skal ikkje vere lett å vere forelska tenåring. Det er ei pine, for kva om jenta ikkje er interessert, og kva om det finst andre beilarar?

Forfattaren får fram at ei forelsking kan vere både vond og god på same tid. Til tider kan det jamvel bli ganske komisk.

Det kjem til dømes nokre jenter utanbys frå som ferierer på campingplassen i bygda. Mattis og vennane dreg ut for å skaffe ”damer”, dei tek den første supen med øl og er klare.

Ungdomstida er ei tid for å prøve noko nytt og prøve å vere vaksen, men forsøka kan ofte mislykkast.

Bygda Mattis bur i, er eit glansbilde av utkant-Noreg. Det er lite og oversiktelig, men vakkert. Om vinteren kan ein gå på skitur, ein kan bade i Svarttjønn om sommaren, ein kan sykle opp og ned bakkane.

Kaasa fortel at dei naturlege omgivnadane som er skildra i boka, minnar om plassen der han sjølv voks opp. Det verkar som ein idyllisk og fin stad å bu.

Den fredelege plassen står i kontrast til dei urolege sinna til tenåringane i bygda. No vil gutane vere saman med jenter, ikkje springe rundt i skogen.

Thunder Road er ein oppvekstroman, med ein tydeleg bodskap: Tenåringslivet består av oppturar og nedturar. Det skal ikkje vere lett å vekse opp, det er mykje frustrasjon og mykje smerte, men òg mykje moro.

Historia er utvilsamt underhaldande og ein får lyst til å lese vidare.  Ho er dessutan lettlesen, med realistisk dialog og eit språk som flyt godt. Forhåpentlegvis vil me høyre meir frå Erlend Kaasa i åra framover!