Magasinett

Utskrift

Vegen vidare etter valdtekta

Skrive av Ingvild Grane .

Rønnaug Kleiva

 

Med "Vegen heim frå Sarajevo" set Rønnaug Kleiva fokus på valdtekt på ein ny måte. Ho gjer dette med eit knapt, konstaterande og adjektivfattig språk.

Bokomslag
«Eg vart voldtatt natta etter den festen.»

Slik, nesten forbausande nøytralt, fortel Susi kva Vegen heim frå Sarajevo handlar om. Ho går på vidaregåande, og har etter ein barndom med mobbing endeleg begynt å kome inn i eit miljø der ho kjenner seg heime og godteken. På ein fest inviterer ho han heim, han som ho nett har treft, og som går på ein annan skule. Aleine heime medan mor er på kurs utanbys, skjer det som ikkje skulle skjedd.

Korleis takle ei valdtekt? Og korleis skrive om ei valdtekt?

Susi taklar det ved å sette seg på eit fly, det første og billigaste, uansett destinasjon. Paradoksalt nok ender ho opp i Sarajevo, der dei få, hutrande turistane som har kome dit utanfor sesongen fotograferer øydelagde hus fulle av kulehol gjennom flybussvindauget.

Susi tek inn på eit pensjonat, og sovnar. Medan kvardagen heime i Noreg held fram, og mora prøver å få tak i ho på den avslåtte mobiltelefonen, kryp Susi inn i eit slags vakuum av eit tilvære i det ukjente landet.

Kleiva gjer eit godt grep når ho let Susi reise til den tidlegare krigsherja byen. På same måte som Susi prøver å kjempe seg tilbake til tanken på eit kvardagsliv, beveger byen seg ut av krigens skugge. Men begge har sår som ikkje vil gro, og som dei må bære med seg vidare.

Symbolikken blir likevel tidvis overtydeleg, som når Kleiva let mange av personane Susi møter på si reise konstatere at ein må sjå framover, og ikkje dvele ved fortida, trass i alt det fæle som har skjedd.

Boka er utstyrt med eit knapt, konstaterande og adjektivfattig språk. Likevel klarer forfattaren å formidle stemningane og landskapet Susi beveger seg igjennom. I det korte glimta ho gir oss av byen vert den levande omkring oss.

Ho dveler ikkje ved skildringar eller sinnsstemningar, men let oss få vite akkurat nok til at vi ser for oss det ho ikkje fortel. "Eg hugsar ikkje noko frå akkurat då det skjedde", skriv ho. "Eg meiner, eg hugsar det saklege, fakta. Men eg hugsar ikkje kva eg følte. TV-en stod på. Det var eit reality show."

Ho har ikkje gjort det enkelt for seg, Rønnaug Kleiva. Å skrive om valdtekt i ungdomsbøker er ikkje noko nytt. Men Kleiva har ikkje vald nokon klassisk ungdomsromanform å skrive ut historia i.

Derimot blir vi kjent med Susi og hennar forteljing i korte brotstykke, som minner om ein dagboktekst, der den som skriv er redd for at tankane skal vandre for langt, og dermed komme inn i tankebaner og minner ein helst vil gløyme, og i alle fall ikkje vil skrive om.

Men nettopp i avsnitt med tørre konstaterande fakta som «Nei, ein blir ikkje gravid om ein brukar p-piller. Og folk flest er ikkje hiv-smitta» klarer Kleiva å fange fortvilinga i situasjonen. Ho let Susi synst synd på seg sjølv, ho let ho vere sint, og ho går igjennom alle dei klassiske tankane knytt til valdtekt («eg vil ikkje vere eit offer», «var det mi skuld?», «er det gale å kjenne lyst»).

Likevel kjennast det som Kleiva tek eit nytt grep om problematikken. For dette handlar ikkje om å treffe att valdtektsmannen på gata, eller om korleis ein stablar det praktiske livet på beina igjen, eller korleis skulekameratane reagerer når dei får høyre kva som har skjedd.

Kleiva handsamar eit meir djuptliggande problem. Dersom ein seier at ho let Susi sjå etter meininga med livet, er ikkje det langt frå sanninga. Men Kleiva vert aldri pompøs i denne leitinga. Derimot utstyrer ho Susi med ein ironisk distanse til det ho ser rundt seg, eit slags språkleg våpen mot verda.

Så der går ho rundt, Susi, rømlingen frå Noreg med eit par glass for mykje innabords, ein sein kveld i Sarajevo, og vert åtvara av pensjonateigaren om å passe seg: «Det er ikkje det same å vere jente her som å vere jente i Noreg.» Men kva veit vel han om det?

Rønnaug Kleiva har vist før at ho ikkje er redd for å skrive gravalvorlege bøker for ungdom, seinast i Andre sida av Paris frå 2007, som denne boka er ein frittståande oppføljar av. Og Vegen heim frå Sarajevo er på ingen måte lystig lektyre.

Handlinga kretsar stadig rundt tema som død og sjølvmord, men innimellom svingar den også innom lyse barndomsminne og fine skildringar av venskap. Og nettopp i skildringa av kontrastane mellom det mørkaste og det lyse, synst eg Kleiva gjer det best.

I spranget mellom forteljinga om onkelen som stel alt godteriet frå ungane på hytta ein sommarferie, og den kalde, vonde notida på eit pensjonatrom i Sarajevo, fangar Kleiva syttenåringen Susi: Ein person midt i brytingspunktet mellom ein vaksen aleine ute i verda og eit barn som helst vil bli beskytta. Å få det fram, utan nokon gong å seie det eksplisitt, er ein kunst. Og den kunsten har Rønnaug Kleiva klart.