Magasinett

Utskrift

Fornøyeleg om misnøye

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Tenåringsjente

Eg trakk på smilebandet meir enn ein gong då eg las den første av Auroradagbøkene – "Aldri tilfreds" av Marie Desplechin. Nokre gonger sette eg faktisk også i skoggarlatter, for dette var rett og slett bare fornøyeleg lesing.

Bokomslag

 

Franske Aurora går i 9. klasse, og skal du tru det ho skriv i dagboka si, så har ho det verste livet som tenkast kan. Heile verda er ute etter å gjere livet hennar mest muleg vanskeleg og uhaldbart.

Veslesystera hennar set ho heilt i skuggen med sin akademiske intelligens, storesystera hennar er i følge Aurora ein mutant, som nesten slepp heilt unna med å pierce tunga, foreldra hennar er bare i denne verda for å kjefte på ho og eigentleg kunne Aurora tenke seg å vere einedotter.

Eller aller helst kunne ho tenkt seg ein annan familie.

Sjølv om det er nokre år sidan eg sjølv var tenåring, så kjenner eg igjen kjensla av håpløyse. Ei håpløyse som seier at ingenting vil nokon gong bli bra for meg, ingen er glade i meg, ingen bryr seg eigentleg om korleis eg har det.

Alle er bare ute etter å setje meg på plass. Ein plass eg eigentleg ikkje ønskjer å vere på.

Eg trur det er nettopp kjensla av at du har opplevd noko av det same som Aurora som gjer boka så fornøyeleg å lese. Nokre år seinare kan du bare le av håpløysa. For livet er jo eigentleg ikkje så ille.

I den første av Auroradagbøkene får du følgje Aurora gjennom hennar niande år på skulen. Det meste av det Aurora skriv i dagboka er negativt, pessimistisk og som tenåringar flest er, ein smule navlebeskuande.

Under følgjer nokre av kommentarane til Aurora, som viser korleis ho ser på livet. Sjølv om ho stort sett er misnøgd, viser ho ein eleganse i språk og fantasi.

Denne elegansen kjem fram med samanlikningane ho skriv om til dømes sitt liv som nakenrotte. For så keisamt er faktisk livet til Aurora (synest ho sjølv).

"11. november

Fridag. Bussane er pynta med små flagg, og alle er tilfredse fordi dei slepp å jobbe. Vi feirar den første verdskrigen. Ein million døde, ein fridag. Og då lurer eg på: Når det er sju millionar, får ein ei veke då?".

"4. desember

Helserapport for moder: Ingen grunn til uro. Når eg tenkjer på at eg trudde ho var deprimert… Det var visst magevirus. Forresten så er ho frisk igjen. Mor mi har ikkje sjel. Ho har magesekk. Eg burde hatt ein mistanke."

"26. desember

Kulepennen lek. Den ermelause toppen er dritstygg. Og det er ikkje meir riskjeks i skapet på kjøkenet. Ein eller annan har kjøpt bretonske småkaker i staden (tilbod på seks pakkar). Bretonske småkaker. Kva gale har eg gjort?".

Om sommarferien med familien skriv ho:

" 7. august

Vi bur i huset til dei sju dvergane. Før Snøkvit si tid…".

At noko så deprimerande som denne dagboka, sett frå Aurora si side, kan vere så morosam er nesten ikkje til å forstå. Makta til gjenkjenning må ikkje undervurderast. Der ligg mykje av svaret, trur eg.

Innimellom alt det morosame, ligg likevel ein litt sår tone, frå ei fortvila tenåringsjente midt i familien, midt i kollisjonen mellom barn og vaksen og midt i ei verd som er midt i ei klimakrise.

I tillegg til at boka "Aldri tilfreds" er morosam, er ho lettlesen. Du leser ho glatt på ein kveld, om du skulle ønskje det.

Den tredje av Auroradagbøkene kom på fransk i fjor, så nå er det bare å vente på den norske versjonen.