Magasinett

Utskrift

Fengande og forklarande krim

Skrive av Leif Tore Sædberg .

Karin Fossum

Nok ein fengande og annleis krim frå Karin Fossum, som likevel forklarer litt for mykje til at dette kan bli ein klassikar.

Varsleren "Det kunne ha hendt meg!" Slik kan ein titt og ofte tenka og grøssa når ein les Karin Fossum på sitt beste. Ho har ei eiga evna til å skapa bestemte typar miljø og personar som lesaren kan kjenna seg igjen i. Dei er alminnelege menneske med alminnelege problem, men har det der og då ganske så greitt, og ein tar seg i å ønskja dei alt godt.

Når desse kulissene er sette opp, skjer så det plutselege omslaget: Det Vonde entrar scenen utan varsel, splintrar idyllen og skapar redsel og gru med tilsynelatande meiningslause handlingar. Tilbake står våre nye vener i skrekk og forvirring. Kva er meininga? Kvifor måtte det skje?

Denne teknikken er truleg noko av det som har gjort Fossum til ein av dei skarpaste pennane i skuffa av norske krimforfattarar. Ho nyttar den også i den siste romanen sin, "Varsleren", på ein vellykka måte.

Me er i det idylliske Askeland-byggefeltet utanfor småbyen Bjerkås, og ei mor har lagt frå seg barnet sitt for å sova i barnevogna ute i hagen ein sommardag. Sjølv er ho inne på kjøkkenet og lagar mat. Ho kan jo lett sjå vogna i vindauget.

Ingenting gale kan skje. Ingen verdens ting. Så kjem ein rød Suzuki-moped putrande. Mannen på setet bringer med seg slangen inn i paradiset på Askeland:

"Han likte dette yrende livet, det kritthvite tøyet som blafret i vinden og lukten av maling. Han likte det, og han ville ødelegge det. Alle lever på en kant, tenkte han, og jeg skal vippe dem utfor."

Kva som skjer vidare skal vera usagt her, men det kan røpast at mannen på mopeden med ganske så oppfinnsomme metodar etterkvart klarer å halda nærmiljøet i eit jerngrep av frykt. For han er alt ein leik utan å vera redd for å bli tatt, og (u)gjerningane hans fyller han med glede, han får "tårer i øynene og jubel i hjertet." Han er styrt av sterke, destruktive krefter, men ikkje blenda av raseri.

Handlingane hans er gjennomtenkte og utspekulerte – og knusande for dei dei rammar. Kvinna med barnet og ektemannen er dei første som får føla gjerningsmannen sine makabre practical jokes, og etterpå er noko øydelagt for alltid: "Det var som om noe ondt hadde kommet mellom dem."

Terroren hans held fram hjå ofra ved at dei heile tida er på vakt og er redde for at det skal gjenta seg. Førstebetjent Konrad Sejer får oppgåva med å løysa gåta i si tiande bok.

Karin Fossum er ein av dei som har stått for ei utvikling innan norsk krim der gjerningsmannen (eventuelt kvinna) i stor grad kjem til orde gjennom at me får sjå verda gjennom hans synsvinkel. Noko som ikkje sjeldan gjer han nærast sympatisk. Her ligg veikskapen ved "Varsleren" etter mitt syn.

Den tilsynelatande årsaka til hovudpersonen sine handlingar kjem svært tidleg og klart til synes. Truleg ville den grøssande og undrande effekten vore endå sterkare dersom forfattaren hadde venta litt med den eller tona den ned.

Lesaren ville ha vridd seg i stolen og tenkt: "Kvifor gjer han så mykje creepy?!" Lite er meir skremmande enn det ein ikkje klarer å forstå. Nå blir årsaka til handlingane litt for synleg, og røynde krimlesarar kan risikera å kjeda seg litt.

Etter kvart verkar romanen å sovna hen, men Karin Fossum var ikkje Karin Fossum om ho ikkje hadde eit ess i ermet. I siste tredjedel av romanen gjer ho eit overraskande grep som fintar ut lesaren og snur opp ned på situasjonen.

Den som ikkje blir tilfredsstilt før alle brikker er på plass i puslespelet vil nok bli skuffa, men høve til ettertanke og undring blir det etter at siste side er lest. Alt i alt altså nok ein god roman, om enn ikkje legendarisk, i sagaen om Konrad Sejer.

BOK: Varsleren - Forfattar: Karin Fossum - Forlag: Cappelen Damm, 2009